
Klar for ny sesong i OBOS-ligaen
Med to kampar igjen å spela er det endelig klart for spel i OBOS-ligaen også i 2023.
Med Brann-seieren mot Skeid måndag kveld er avstanden ned til Skeid på kvalifiseringsplassen 7 poeng, og då kan laget spela dei to siste kampane, mot Åsane og Sandnes Ulf, utan det presset som har eksistert sidan sesongstarten med 6 strake tap.
I den sjuande kampen var det og Åsane som var motstandar, heime på Bryne. Då kjempa laget seg til sin første seier, med 2-1 og ny formasjon, 3-5-2. Rogvi og Robert scora måla, og vi starta opphentinga på tabellen.
Alle til Åsane!
Nå skal vi til Bergen og møta Åsane igjen. Laga har like mange poeng, 32, scora like mange mål, 40, men Åsane har slept inn 62 mål mot våre 49, og derfor ligg vi på 12.plass og Åsane på 13.plass. Ifjor seint på hausten tapte vi 1-2 på nye Åsane Arena. Nå skal vi revansjera det tapet. Både B-gjengen og mange frivillige i klubben reiser for å støtta laget i sesongens siste bortekamp. Åsane har ikkje hatt meir enn i underkant av 5-600 tilskodarar på dei siste heimekampane, så vi skal nok la høyra frå oss på tribunane og.
Premier League-motstand
Åsane har mange rutinerte og gode spelarar. Mest kjent er nok 41 år gamle Morten Gamst Pedersen, med 83 landskampar og 10 år i Premier League med Blackburn, i tillegg til kampar i norsk toppfotball i Tromsø, Rosenborg og Alta. Bjarte Haugsdal, er ein rutinert forsvarsspelar med mange sesongar i Nest-Sotra, Stabæk og Brann. Martin Ueland har spelt 10 år A-lagsfotball i klubben, og Kristoffer Larsen har og stor erfaring med mange år i Brann, Odd og Sarbsborg. Spissen Erling Myklebust har Bryne møtt mange gonger mens han spela i Vard Haugesund, og Kristoffer Valsvik på midtbanen har vore innom både Florø, Sogndal og Start før han havna i Åsane.
Avslutning mot Sandnes
Bryne har dessverre to av midtstopparane sine skada og uaktuelle for kampen, Christian Røer braut leggbeinet i 2-er kamp mot Hana på måndag, og Jens Husebø har vore skada eit par veker. I tillegg er ikkje Mamadou Diaw 100% speleklar etter skaden han hadde før han kom til Bryne. Men uansett stiller vi eit sterkt lag som vil gje alt for å få ein god avslutning for sesongen på bortebane. Og med tanke på avslutningskamp heime mot Sandnes Ulf i siste serierunde, det einaste laget vi ikkje har tatt poeng mot i OBOS-ligaen av dei laga vi har møtt begge sesongane etter opprykket i 2020, vil ein seier mot Åsane kunne mobilisera mange jærbuar til kamp på Bryne Stadion neste laurdag.