Bli kjend med nysigneringane

Thea Gustad Myklebust (17) og Vibeke Fjogstad (16) signerte begge for A-laget til Bryne i starten av august. Begge fekk debutane frå start i 1-0-sigeren mot Tiller forrige veke.

– Det beste med fotball er gleda ein får av det, samhaldet i laget og sjølve spelet, fortel Thea.

Ho er ein kreativ angrepsspelar som tidlegare har spelt for Sandnes Ulf, Viking og Havdur/Sola. Det var fleire grunnar til at ho no valde å bli Brynespelar.

– Eg hadde følgd med litt på laget i 2.divisjon. Eg kjenner òg Pål Stian og ein del på laget og veit derfor at det er eit bra miljø. I tillegg har systera mi, Emma (tidlegare Vikingspelar red.anm.), snakka mykje om rivaliseringa mellom laga og eg har forstått at begge laga er gode.

20230811-_A1V1161-arw_DxO_DeepPRIMEXD.jpg
Thea Gustad Myklebust i aksjon for Bryne mot Herd i helga.

Lagvenninne Filippa Wiig er glad for å få Thea med på laget.

– Thea er ein kreativ og teknisk spelar. Ho er morosam og utstrålar positiv energi. Thea er òg veldig snill og bryr seg om dei rundt seg.

Både Thea og Vibeke har funne seg godt til rette med nye lagvenninner og trekker fram samhaldet i gruppa, høgt nivå på treningane og dyktige trenarar som det beste med Bryne til no.

Vibeke, som spelte heile kampen mot Tiller som midtstoppar, fortel òg om betre moglegheiter i Bryne.

– Eg fekk betre moglegheiter og det var tydeleg at eg var ønska. Det er også kjekt å spele med Vilde og miljøet i gruppa virka veldig bra.

20230827-_A1V9883-arw_DxO_DeepPRIMEXD.jpg
Forsvarspiller Vibeke Fjogstad er ny i Bryne.

Kaptein Iselin Evje Rusdal beskriv Vibeke som ein forsvarskrigar som har kome raskt inn i gruppa.

– Vibeke er ein open, smilande og glad person. Ho er ein krigar på banen som er tøff i duellane og som tar for seg på banen. Det er òg flott at ho byr på seg sjølv og tar naturleg plass i gruppa.

Og dei som er gode på namn, har nok oppdaga at Vibeke og keeper Vilde har same etternamn. Det er faktisk det første tvillingparet på laget, men det tredje søskenparet i tillegg til Tonje og Oline Øfsteng og Silje og Vilde Eiken Nilsen.

Det blir spennande å følgje Thea og Vibeke i raudt og kvitt!

5 kjappe med Thea:

1. Viss du måtte ete eitt måltid resten av livet, kva hadde det vore?
Smoothie bowl.

2. Kva musikk høyrer du mest på?
Pop topp 50.

3. Kva TV-program ville du deltatt i?
Mesternes mester.

4. Kva er mest stress i kvardagen?
Forholde meg til ulike oppmøtetider og kome tidsnok.

5. Kor mykje tid bruker du totalt på å spele fotball i løpet av ei veke?
Eg trener kvar dag, av og til to. I tillegg kjem kampar og sjølvsagt reisetid til og frå trening.

5 kjappe med Vibeke:

1. Kva musikk høyrer du mest på?
Norsk musikk.

2. Viss du måtte ete eitt måltid resten av livet, kva hadde det vore?
Tomatsuppe med makaroni og ost.

3. Kva TV-program ville du deltatt på?
71 grader nord eller Skal vi danse.

4. Kva er mest stress i kvardagen?
Definitivt å ”time” tog-og busstider.

5. Kor mykje tid bruker du totalt på å spele fotball i løpet av ei veke?
Fotballtrening fem gonger i veka+ kamp, toppidrett på skulen og litt eigentrening. Og så går det mykje tid i reising. Så det går absolutt mykje tid.

Annonse fra Eliteserien: