Blir det seier på hjemmebane for 3. gang på rad?

Søndag er det duket for Bryne - Start på Bryne Stadion i den anledning har Geir Magnus Sandve skrevet et innlegg.

Slår vi Start på heimebane for tredje gong på rad?

Med over 1100 på tribunane i første heimekamp og vinnarmål på overtid, vert det nok enda fleire som kjem for å sjå Bryne ta sin tredje strake seier mot Start på heimebane.

Bryne - Start er å rekna som eit lokaloppgjer i OBOS-ligaen, der det nok og er fleire hundre sørlendingar på plass på bortetribuna når kampen startar. Med 4-0 over Kristiansund på heimebane på søndag i bagasjen, er det eit sterkt Start-lag som kjem på besøk.

Det har vore fokus på alle skadane i Start-stallen dei siste dagane, der Jon Helge Tveita, Eirik Schulze, Mathias Grundetjern og nå sist spissen Jack Lahne er dei mest kjende. Dette Start-laget har ei god blanding av solid rutine, med Rolf Daniel Vikstøl og Vito Wormgoor på 34 år som forsvarsklipper. Den 19 år gamle keeperen Jasper Torkildsen, 18-år gamle midtbanespelaren Emir Derviskadic og den svenske toppscoraren Tom Strannegård på 20 som representantar for ungdommen.

Kva så med Bryne? Heimebanefordelen med naturgras, B-gjengen under tak som veit å gje lyd frå seg og fleire av spelarane våre som har gode minner med å slå Start to gonger på rad, bør absolutt telja som eit pluss. Robert Undheim scora 2 av 4 mål då vi vann 4-2 i 2021 og Sondre Norheim scora begge då vi vann 2-0 i fjor. Sondre får dessutan blomar før kampen, for 100 A-kampar, medan Igor får for 150 A-kampar. Begge er svært viktige brikker i det solide forsvaret vårt.

Men ikkje minst har vi eit lag som står på og skapar trøkk, særleg mot slutten av kampane. Og vi har etter kvart fått fleire som scorar mål. Både Sigurd Grønli, Mamadou Diaw og Abel Stensrud har opna målkontoen. Lars Erik Sødal, vår siste tilvekst i stallen, fekk vise kva han står for det siste kvarteret mot Ranheim. Som søskenbarn til Pål Aamodt og tremenning til Elias Årsvoll har han jærske aner nok for dei som synes det er viktig.

Litt historikk om Bryne - Start:
Ikkje sjeldan scorar ein Brynespelar fleire enn eitt mål i desse kampane. Heilt tilbake på 60-talet har vi Johannes Vold, vår toppscorar gjennom alle tider som scora 5 då vi vann 7-1 i 1967. I vår første kamp i Tippeligaen i 2000, scora Jørgen Rangnes 2 då vi vann 4-2, og Richard Enge vart heller ikkje populær hos Start-fansen då han scora 2 i 2004, med Tom Nordli som trenar. Robert og Sondre er nemnt tidlegare.

Mange spelarar har spelt for begge klubbane i kortare eller lengre tid. Erik Mykland, Bård Borgersen, Svein Enersen, Jesper Mathisen og Joacim Holtan er nokre av dei mest kjente.

Har du ledig tid søndag kl. 15.00, kan du ta turen til Bryne Stadion og få med deg fotballdramatikk live. Det kjem du ikkje til å angra på.

Annonse fra Eliteserien: