Brann på Bryne stadion
Kan vi slå Brann ein gong til på heimebane i år?
7.mai slo vi Brann ut av cupen 2025 med 2-1 seier på heimebane etter ekstraomgangar. Jacob Haahr heada Bryne i leiing rett før pause, Bård Finne utlikna i sluttminutta og skaffa ekstraomgangar, medan Axel Kryger sende Bryne vidare i cupen då tida nærma seg straffekonkurranse. Berre ti dagar tidligare møttes laga på Brann Stadion der Bryne leia 2-0 til pause etter scoringar av Duarte Moreira og Alfred Scriven. Men Brann vart til slutt for sterke for Bryne og scora seiersmålet på straffe på overtid i 2.omgang, ved Niclas Castro.
Nå er det tid for ny kamp, årets nest siste seriekamp på Stadion. Brann har vore med i medaljekampen i toppen av tabellen heile sesongen, og markert seg i Europaligaen i haust med to sterke sigrar på heimebane, mot Utrecht frå Nederlend og Glasgow Rangers.
Begge laga har mykje å spela for, og klarar Bryne å ta poeng på søndag vil det vera ein sterk prestasjon. Det vert berre rødt og kvitt på tribunane, men Brann må skifta ut sine heilrøde drakter før laget går ut på banen. Kanskje det kan vera ein fordel for Bryne?
Brann
Årets lag er ei god blanding av rutine og relativt nye og unge spelarar. Mathias Dyngeland er klar førstekeeper. Han har har etablert seg i A-landslagstroppen som tredjekeeper, og har lang fartstid i Sogndal og ein sesong i Vålerenga før han kom til Brann i 2022.
På høgreback har den unge belgieren Denzel De Roewe spelt seg inn på laget, etter at han kom frå akademiet til Brugge i sommar, på bekostning av haugesundaren Thore Pedersen som har vore i Brann sidan 2022. Rutinerte Vetle Dragsnes (31) har teke venstreback plassen frå Joacim Soltvedt i dei siste kampane. Han kom frå belgiske Charleroi i sommar, der han spelte i to sesongar. Rutinen har han skaffa seg gjennom mange sesongar utanfor Eliteserien i Strømmen, Egersund, Ull/Kisa og Mjøndalen og deretter Lillestrøm i Eliteserien før han drog til Belgia i 2023.
Midtstopparar er for det meste den unge bergensaren Eivind Helland, som nettopp har spela seg inn i A-landslagstroppen, og lagets danske kaptein Japhet Sery Larsen som kom frå Bodø/Glimt i 2023. Men også Fredrik «Euro-Palle» Knudsen, ekte tjua-gutt med fortid i Åsane og Haugesund har spela mange kampar på denne plassen, og vikariert som kaptein når Sery Larsen har vore skada.
Den unge ghanesaren Nana Boakye som skreiv 4-årskontrakt i sommar er og aktuell på midtstopparplass.
På midtbanen i 4-3-3 er danske Jakob Sørensen ankeret. Han vart henta i sommar etter fem år i Norwich. Emil Kornvig er og dansk og ein målfarlig indreløpar som kom frå Lyngby i 2024. Islendingen Aron Gudmundsson har oftast den andre indreløparplassen. Han kom frå svenske Elfsborg i år. Bergensaren Mads Sande med fortid i Haugesund i fleire sesongar er saman med dei to unge Lars Remmem og Jonas Torsvik aktuelle som midtbane- innbyttarar. Markus Haaland som nettopp var på U-20 landslaget har imponert den siste tida. Han kan og vera aktuell for laget.
På topp har Noah Holm som kom frå Rosenborg i sommar begynt å scora mål nå, etter at han overtok plassen etter islendingen Atli Magnussen som vart skada etter at han imponerte med viktige scoringar både i serien og i Europa. Oslogutten Ulrik Mathisen kom til Brann i 2023, etter spel for Skeid, Vålerenga, Kjelsås, Lillestrøm og Sogndal, og er for det meste fast høgrekant. Felix Horn Myhre, som kom frå Vålerenga i 2021 og har etablert seg i den norske A-landslagstroppen, er ofte venstrekant, men vert og brukt på midtbanen.
To «veteranar» Bård Finne og Niclas Castro vert oftast nytta som innbyttarar. Finne med fire A-landskampar og heile 63 kampar for ulike U-landslag er ein notorisk målscorar. Han har tre år i Tyskland (Køln og Heidesheim), tre år i Vålerenga og ein sesong i danske Sønderjydske før han kom tilbake til Brann i 2021. Oslogutten Castro har landskampar for Chile, og spelt for både Vålerenga, Kongsvinger og Aalesund før han kom til Brann i 2022. Den unge dansken Mads Kristian Hansen som kom i år, er og utfordrar ttil ein plass i angrepsrekka.
Historikk og spelarar som har spela for begge lag
Vi har møtt Brann i seriespel i to sesongar sidan Bryne sist var i Eliteserien tidlig på 2000-talet, i 2015 og 2022. Brann vann alle fire oppgjera.  Frå møta i 2022 er Igor Spiridonov einaste gjenverande i Brynestallen, medan både keeper Dyngeland, Finne, Castro og innbyttarane Horn Myhre og Pallesen Knudsen var på banen for Brann. Det same var Andreas Skovgaard som nå spelar for Bryne. I 2015 scora Rets Grødem som 17-åring for Bryne i Bergen då Brann vann 2-1, og Jon Helge Tveita var innbyttar. Tveita scora og målet for Bryne då Brann vann 4-1 på Bryne same året i 3.runde i cupen. Fredrik Pallesen Knudsen er einaste gjenverande spelar for Brann frå desse oppgjera for ti år sidan.
Når det gjeld andre oppgjer mellom Bryne og Brann kjem ein ikkje utanom cupfinalen i 1987, med 1-0 seier til Bryne, der trønderen Kolbjørn Ekker vart klubblegende med kampens einaste scoring. Brann er og det laget som klart flest gonger har hindra Bryne å koma vidare frå kvartfinalen i cupen. Kvalikkampen hausten 1991 på Bryne Stadion der Brann vann 1-0 og Bryne vart snytt for ei scoring og opprykk då Per Egil Ahlsen stod inne i målet og klarerte, sit og godt i minnet til den eldre garde av Brynesupportarar. Bryne-seier i 16.mai-kamp på Brann Stadion med 2-1 i 2002 står og høgt på minnelista for Bryne-supportarar.
Etter det eg har funne ut er det 15 spelarar som har spela for Brann og Bryne: Paal Fjeldstad, Asgeir Kleppa, Trond Totland, Mons Ivar Mjelde, Eivind Karlsbakk, Tommy Knarvik, Ragnvald Soma, Cato Hansen, Nicolai Misje, Vegar Landro, Bjørnar Holmvik, Viljar Vevatne, Jon Helge Tveita, Oliver Rotihaug og Andreas Skovgaard.
I tillegg har Mons Ivar vore trenar både for Bryne (2009) og Brann ( seriegull i 2007). Jan Halvor Halvorsen og Magnus Johansson har begge vore spelar for Brann og trenar for Bryne.