
Cupkamp mot Stabæk
Vi gleder oss til kamp søndag, mens vi venter kan du lese litt om Brynes cuphistorie skrevet av Geir Magnus Sandve.
For første gong i historia skal Bryne spela cupkamp i mars. På søndag kl. 15:00 møter vi Stabæk på Bærum si kunstgrasbane, Kadett-tangen, i Sandvika i 4. runde i NM. Vi kvalifiserte oss til denne kampen i fjor med å slo Brodd (2-0), Vidar (3-1) og Tromsdalen (1-0), alle på bortebane.
Etter ein vinter med treningskampar mot gode lag og 10 dagars treningsopphald i Marbella, i Spania er laget godt førebudd til denne første obligatoriske kampen i 2023. Motstandaren vår, Stabæk er nyopprykka i Eliteserien etter å a blitt nr. 2 bak suverene Brann i fjor. I begge seriekampane mot Stabæk i fjor spelte vi uavgjort. 0-0 her på Bryne, og 2-2 på Nadderud. Axel Kryger scora på ei fin heading og Sigurd Grønli med eit hardt og velplassert skot scora måla i den kampen. Det er ingen grunn til at vi ikkje kan gå inn i denne kampen med håp om vidare avansement i NM.
Med seier mot Stabæk vil vi få heimekamp mot Molde, dersom dei slår Skeid i sin kamp alt neste søndag. Første gong klubben var i 4. runde var i 1962, i den legendariske heimekampen mot Vålerenga på 2-er bana då vi tapte 2-3 etter ekstraomgangar med eit publikumstal på 8000. Arne Norheim var den store helten med begge våre scoringar, og Vålerenga scora seiersmålet på ei omdiskutert straffe.
Av dei 24 tidlegare 4.runde-kampane har vi avansert til kvartfinalen 12 gongar, første gong i 1972. Då slo vi Molde i omkamp på bortebane der Birk Engstrøm scora seiersmålet på eit direkte frispark. I cupen har det som regel vore stopp for oss i kvartfinalen. Heile 10 kvartfinalar har vi tapt, men begge dei to gongane vi har vunne, kom vi til finalen, i 1987 og 2001.
Sist vi kom til kvartfinale var i 2018 då vi spela i PostNord-Ligaen. Då kom vi dit med 3-0 i målforskjell på fire kampar etter at vi hadde slått Staal Jørpeland, Viking og Sandnes/Ulf med 1-0 i dei tre første rundane. I 4.runde møtte vi Ull/Kisa på Jessheim. Resultatet i kampen var 0-0 etter ekstraomgangar. I straffesparkkonkurransen markerte Igor Spiridonov seg med å hindra heimelaget i å scora på dei to første straffene. Unge Sander Ystanes kom inn som innbyttar og satt den avgjerande straffa kontant i mål, dette sikra oss avansement til kvartfinale og det til stor jubel hos dei frammøtte Bryne-supporterane.
Dei einaste som er igjen frå den triumfen i troppen i dag er nevnte Igor, Rogvi Baldvinsson og Robert Undheim. Sistnevnte var skadd, og spelte derfor ikkje kampen, men trur han likevel har gode minner frå banen vi skal spela på, på søndag. Han scora målet vårt i i 1-1 kampen mot Bærum i opprykkssesongen 2020. La oss håpa han kan gjenta den bedriften på søndag. Då vert det nok stor jubel hos mange av Bryne-supportarane som har kjøpt billett til kampen.