
Eit steg vidare
Gatelaget til Bryne FK med store opplevingar og sterk utvikling i nasjonalt meisterskap.
Forrige veke deltok Gatelaget til Bryne FK på det nasjonale mesterskapet i gatefotball, arrangert av Viking FK og Fotballstiftelsen. Det vart tre dagar fylt med glede, fellesskap og prestasjonar – og ikkje minst eit nytt kapittel i utviklingsreisa vår som gruppe.
Me reiste heim med pokalen i handa, men det var noko heilt anna me tok med oss som den verkelege gevinsten: ei sterkare tru på kvarandre, på laget – og på oss sjølve.
.jpeg)
Mer enn fotball
Meisterskapet for Gatelag handlar ikkje berre om å vinne kampar. Det handlar om å bygge tryggleik, relasjonar og sjølvkjensle. I møte med dei andre laga, i garderoben, i lunsjen og mellom kampane opplevde me eit fellesskap som gjekk på tvers av klubbfargar. Og det me opplevde innad i vår eiga gruppe var kanskje endå sterkare.
Med 13 spelarar, trenar Espen Undheim og lagleiar Aina Gjerde Winther, tok me store steg som lag og enkeltpersonar. Me hadde eit felles mål om å vere der for kvarandre – både på og utanfor banen. Og me leverte.

Samhald – Fair Play – Tryggleik – Vilje
Desse fire orda stod som grunnmuren for vår innsats. Det var ikkje tilfeldigheter som gjorde at me denne gongen gjekk heilt til topps – det var resultatet av jobben som er lagt ned over lang tid. Året gjennom har me trent, snakka, ledd og løfta kvarandre. Og i Stavanger såg me kva det betyr å vere eit lag i ordets rette forstand.
Me spelte seks kampar over to dagar. Etter ein tøff og jamn pulje med siger over Ham Kam og Tromsø, og eit tap mot Fredrikstad, kom me vidare til A-sluttspelet som puljevinnarar. Der vann me kvartfinalen mot Ranheim og semifinalen mot Sandefjord – før me til slutt stod att som vinnarar etter ein intenst spennande finale mot Stabæk.
Men det var ikkje resultatet i seg sjølv som gjorde det stort – det var måten me gjorde det på. Med respekt for motstandaren, kvarandre, og spelet.
.jpeg)
Opplevinga i sentrum
Opphaldet på Clarion Hotel Energy, banketten med underhaldning av Rune Bjerga og dagane på Lyse Arena skapte ei ramme som løfta heile arrangementet. Me fekk verkeleg kjenna på kor mykje det betyr å bli tatt på alvor og inkludert.
Og då vår kaptein løfta pokalen til tonane av Brynesongen, var det mange som fekk ein klump i halsen. Ein av spelarane sa det best:
«Eg er så glad for å vere inkludert i denne gjengen på Gatelaget til Bryne – eit lag, eit vennskap og rett og slett ei lita familie. Eg har aldri hatt lett for å vere med folk eller nå mål. Men saman med akkurat dykk har eg løfta meg sjølv og funne motivasjon til å halde fram. Eg er stolt av dykk – og meg sjølv.»
.jpeg)
Fellesskap som varer
Gatelaget til Bryne FK er meir enn eit fotballag. Det er eit fellesskap som gjev meining, retning og støtte. Me veit at fotballen kan vere det sterkaste verktøyet for å kjempa mot utanforskap. Det seier både Arne Knoph i Fotballstiftelsen og Espen Undheim i Bryne FK – og me kjenner det på kroppen kvar veke.
Me reiste til Stavanger som eit lag. Me kom heim som ein sterkare gjeng – med nye minne, djupare band og fornya motivasjon.
Takk til alle som heiar på oss – me gjer dette saman!
Samhald – Respekt – Kjærleik