Endelig kamp igjen

Sommaren er over og haustinnspurten startar, etter ein periode der klubben har vore i fokus for andre saker enn dei reint sportslige.

På søndag kjem Tromsø, verdens nordligaste toppklubb, på besøk. Bryne har tre nye spelarar i stallen sidan sist heimekamp mot Strømsgodset, der heimvendte Magnus Rets Grødem er den klart mest kjende for vårt publikum. Så kom på kamp for å sjå eit «nytt» og spennande Brynelag møta Tromsø som ligg på 4.plass på tabellen.

Kjøp billett til kampen her

Tromsø
Tromsø gjorde sin entrè i norsk toppfotball i 1986 med cupmesterskap og som nyopprykka lag i Eliteserien. Profilar som Bjarte Flem, Trond Johansen, Lars Espejord og Per Mathias Høgmo stod i spissen for «Gutan» som raskt etablerte seg som eit lag på øvre halvdel av Eliteserietabellen i åra framover.

I åra som har gått etterpå har klubben vunne nok ein cuptittel (1996), teke sølvmedaljar i serien (1990 og 2011), og fire bronsemedaljar ( 1989, 2008, 2010 og sist i 2023). Laget har hatt toppscorar i norsk Eliteserie gjennom alle tider, Sigurd Rushfeldt. på laget, og andre toppspissar som Tore Andrè Flo, Rune Lange og Ole Martin Årst. Klubben har halde seg i Eliteserien dei aller fleste sesongane sidan opprykket på 80-talet, og var sist på nivå to i 2014, då Bryne vann begge kampane då laga møttes.

Eirik Saunes er klar for å se fremover mot en solid høstinnspurt.
Eirik Saunes er klar for å se fremover mot en solid høstinnspurt.

Laget
Keeper er danske Jakob Haugaard (33), som har fortid i Midtjylland, Stoke, Wigan og svenske AIK før han kom til TIL i 2022. Laget spelar med tre stopparar der Tobias Guddal som nettopp fekk sin debut i A-landslagstroppen er den mest kjende for vårt publikum, sidan han kom frå Bryne i 2024. Vetle Skjærvik med fortid i Hamkam og Lillestrøm som kom samtidig med Tobias, og unge Jens Hjertø-Dahl som har gått gradene i klubben, tek truleg dei to andre stopparplassene, sidan Abu Kinteh må sone karantene for rødt kort i sist seriekamp. Men det knyttar seg og spenning til om Jens Husebø alt nå får sin debut i TIL-trøya. Som vingbackar har Leo Cornic med fortid i VIF og Rosenborg vore fast på høgresida, medan Sander Innvær som nettopp kom frå Haugesund, kan ha overtatt venstrekantplassen til Runar Norheim som gjekk til Nordsjælland for kort tid sidan.

Sentralt på midten styrer kaptein Ruben Yttergård Jensen (37) det meste. Med 39 A-landskampar, og spel for Kaiserslautern i Tyskland og Groningen i Nederland, og to år i Brann før han kom tilbake til heimklubben i 2020, viser han framleis at han duger i norsk toppfotball. Med seg på midten har han to svenskar: Det unge stortalentet Aleksander Warneryd, som nettopp signerte ein 4,5 års kontrakt, og David Edvardsson som kom i fjor sommar. Superveteran Kent Are Antonsen som har vore i klubben sidan 2012 er og ofte innom laget, og August Mikkelsen som er tilbake i klubben etter eit kort opphald i Sverige og Bodø/Glimt kan og vera aktuell for laget.

På topp har portugisaren Ieltsin Camoes, som er ny denne sesongen, funne scoringsformen. Vegard Erlien som scora to mål mot Bryne i sommar då det blei 3-1 seier, er og ein målfarlig spiss. Han kom til Tromsø i 2022 etter opphald i Rosenborg, Sandnes/Ulf og Ranheim. Unge Daniel Braut kom frå Sandnes/Ulf i fjor haust, og utviklar seg stadig som utfordrar på spissplassen. Andre aktuelle navn som kan bli å sjå på laget er Anders Jenssen, Mads Mikkelsen, Lars Olden Larsen, Sigurd Prestmo og Johan Solstad-Nøis.  Lagets trenar er Jørgen Vik.

Kampar mot Bryne, og spelarar som har spela for begge klubbane
Som nevnt  møttes laga sist i 2014, då Bryne vann begge kampane, 2-1 på Bryne og 3-2 i Tromsø,  i Adecco-ligaen. Likevel rykka Tromsø opp.  Av spelarar frå dei kampane som framleis er i stallen til sine klubbar finn vi Jon Helge Tveita i Bryne og Kent Are Antonsen i TIL. Den eldre garde av vårt publikum hugsar kanskje og at vi møtte Tromsø i cupkamp på Frøyland i 1998 og vann 4-2 då Bryne Stadion fekk ny grasmatte.

Spelarar som har spela for begge klubbane: Stian Larsen, Roger Nilsen, Daniel Torres, Tommy Knarvik, Adnan Causevic, Sigurd Grønli, Christian Landu-Landu, Tobias Guddal, Isak Vik, Dadi Doudou Gaye og Heine Åsen Larsen.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Eliteserien: