Endelig ny hjemmekamp

På søndag er Skeid motstandar på Bryne stadion.

Oslo-laget har hatt ein vanskelig sesong i 2023. Med fire serieomgangar igjen, er laget alt klar for nedrykk til Post Nord-ligaen. Men Skeid slo Bryne 2-0 på Nordre Åsen i juni, og vann 3-0 på Bryne i fjor haust, så det er ikkje berre for Bryne å spasera seg til tre poeng.

Skeid har tatt dei fleste av dei 14 poenga sine på heimebane, seinast med 3-0 over Sandnes/Ulf for to veker sidan. Borteformen er det verre med. I dei fire kampane etter sommarferien, mot Start, Hødd, Sogndal og Moss har det blitt fire tap, og tilsaman 0-10 i målforskjell.

Kjøp billett til kampen her

0S6A36933.jpg
Bryne i knallgod hjemmeform møter Skeid med motsatt formkurve på bortebane.

Tidligare kampar
Som kanskje mange hugsar, hadde Skeid ein sterk haustsesong i fjor, og berga plassen i OBOS-ligaen med å slå Arendal i to kvalik-kampar. Og Bryne fekk og oppleva det, gjennom 0-3 tapet på heimebane, der Bryne fekk 4 gule kort og Skeid scora tre mål i 2.omgang. På Nordre Åsen vann Bryne 2-1 etter ein heading av Arne Gunnes og ein retur av Daniel Hermansson.

Skal vi finna fleire oppgjer mellom klubbane må vi tilbake til 2018 i Post Nord-ligaen. I kampen på Bryne vart det ein sterk heimeseier med 3-1 der Robert Undheim scora eitt av måla og Sander Ystanes imponerte på midtbanen. I borteoppgjeret i nest siste serieomgang skulle Skeid ha opprykksfest etter kampen, men kampen måtte utsetjast i mange timar sidan Bryne stod igjen på Sola på grunn av skodde på Gardermoen. Men kampen blei spelt, Skeid vann 2-0 og fekk feira opprykket, nokre timar forsinka. Av dagens Bryne-spelarar var tre med på denne kampen: Igor, Rogvi og Robert. Av Skeid-spelarane som er aktive i klubben nå, var David Gyedu, Henning Tønsberg Andersen og Sulayman Bojang med i 2018 og.                       

0S6A1334.JPG
Robert Undheim scora mot Skeid i 2018 og er klar til ny kamp på søndag.

Skeid
Skeid er ein tradisjonsrik Oslo-klubb med fleire seriemesterskap og cupgull. Det er ikkje mange spelarar som har spela både for Skeid og Bryne gjennom historia. Men ein må nevnast. Keeper Per Egil Nygård fekk 10 landskampar og var i Bryne i fem sesongar, frå 1981 t.o.m 1986, etter 8 sesongar i Skeid.

På dagens Skeid-lag er det og ein spelar som har spela for Bryne. Fredrik Flo var spiss i Bryne hausten 2017, i vår første Post Nord-sesong, fekk 9 kampar utan å scora mål. Nå er Flo forlengst omskolert til midtstoppar og vore innom både Øygarden, Sotra og  Sandefjord sidan då. I midtforsvaret spelar han saman med Per M. Steiring som har opphald i Flo sin moderklubb, Sogndal, i tillegg til Viking, Rosenborg, Mjøndalen og Kongsvinger før han kom til Skeid.

På midtbanen spelar tidligare Hødd-spelar Bendik Rise, unge Simen Kvia Egeskog på lån frå Viking, Marcus Melchior med bakgrunn frå Vålerenga, og tidligare nevnte Henning T. Andersen.  På topp er svenske Noa Williams som kom frå Fredrikstad i sommar, og Ole Sebastian Sundgot, med fleire sesongar i Ull/Kisa. Spissen Johnny Buduson har scora mot Bryne i begge dei to siste sesongane. Han hadde mellom anna eit kort opphald i Eliteserien i FK Haugesund for nokre sesongar sidan. Keeper på laget er Simen Nilsen.

0S6A5436.jpg
Blir det meir jubel frå Duarte Moreira på søndag?

Ny seier?
Etter to bortekampar mot topplag og ei frihelg blir det spennande å sjå kva lag Bryne stiller med. Men ingen har karantene, og ingen nye skadar er rapportert, så det blir vel få endringar. Grasmatta ser fin ut, og det er å håpa at mange av dei som såg laget i «folkets kamp» mot Kristiansund for fire veker sidan kjem att og heier Bryne fram til seier og tre poeng.

Kjøp billett til kampen her

 

Annonse fra Eliteserien: