Endelig seriekamp mot Viking igjen

På søndag er det nøyaktig 22 år sidan sist Bryne møtte Viking i seriekamp.

27. juli 2003 var 9519 tilstades på Bryne Stadion då Bryne slo Viking 1-0, der Kai Ove Stokkeland var den store helten som scora det einaste målet. Sjølv om laga har møttes i cupen fire gonger sidan då, alle med Bryne-seier som resultat, er det ein seriekamp på norsk toppnivå dei røde og mørkeblå supporterane har lengta etter. Kampen er forlengst utselt til dei 5500 som er så heldige å ha skaffa seg billett, og for dei er det berre å møta fram i god tid til kampen som startar 14.30 når kampens dommar Espen Eskås bles i fløyta.

Viking

Viking har hatt ein strålande vårsesong, toppar tabellen, men med fleire kampar spela enn dei næraste konkurrentane. Trenarane Morten Jensen og Bjarte Lunde Aasheim har fått fram mange unge gode lokale spelarar dei siste åra, og rår over ein solid spelartropp.

Årets lag er ei god blanding av rutinerte og unge spelarar. Keeper Kristoffer Klaesson måtte gå ut med skade sist lørdag mot Bodø/Glimt, og då er det truleg veteranen Arild Østbø som startar i mål. I backrekka har høyreback Sondre Bjørshol vore mykje skada, men kan bli speleklar. Henrik Heggheim har overtatt plassen . Midtstoppar Martin Roseth har og vore ute med skade, men dansken Anders Bærtelsen som kom frå Haugesund i vinter og Henrik Falchener som kom frå Egersund har vore eit solid midtstopparpar. På venstreback har rutinerte Kristoffer Haugen blitt henta frå Molde i sommar, tilbake til meir heimlege trakter. Unge Vetle Auklend har og spela kampar på denne plassen. Veteranen Viljar Vevatne som nettopp fornya kontrakten og spela eit par sesongar i Bryne for rundt 10 år sidan, kan og bli å sjå på banen i dette viktige lokaloppgjeret.

På midtbanen er Joe Bell sjefen i sin sentrale rolle. Han er inne i sin andre periode i klubben. New Zealendaren hadde dei lokale unggutane Jakob S. Hansen og Simen Kvia-Egeskog med seg som indreløparar sist mot Bodø/Glimt. Kristoffer Askildsen med bakgrunn frå Stabæk og opphald i Sampdoria og Lecce i Italia vart i sommar henta frå Midtjylland i Danmark, er og aktuell på midtbanen. Sander Svendsen og Herman Haugen kjempar om plassen på høgrekanten, der og nyinnkjøpte Ruben Alte frå KBK kan bli brukt. Kaptein Zlatko Tripic er bankers på laget når han er skadefri. På venstrekanten har unge, lovande Edvin Austbø verkelig vist seg fram denne sesongen, mens danske Peter Christiansen er soleklart førstevalg på topp, der islendingen Hilmar Mikaelsson er første utfordrar.

Historikk

I Bryne sine 99 år som klubb, har Viking alltid vore «storebror» i byen. Det betyr ikkje at laget alltid har vore betre enn Bryne. Første gong Bryne slo Viking var i 1962 i 3.runde i cupen der vår toppscorar gjennom alle tider, Johannes Vold, scora begge måla i 2-1-seieren i omkampen på Bryne, etter at laga spela 1-1 i Stavanger. Vold var og den første spelaren som gjekk direkte frå Bryne til Viking i 1971. Første gong Bryne slo Viking i seriekamp på Bryne var i 1980, der Nils Ove Hellvik scora det einaste målet med rekordpublikum 13621 rundt banen. I 1982 vann Bryne for første gong i Stavanger, med 2-1, der Bernt Mæland og Gaute Engstrøm var målscorarar for Bryne.

I cupen har ikkje Bryne tapt kampar mot Viking i Rogaland sidan 1991, men Viking var sterkast og vann NM-finalen mellom laga på Ullevaal i 2001 med 3-0. At Bryne vann ein obligatorisk kamp på Vikings nye bane i Jåttåvågen i 2004, med cupseier 2-1, før Viking klarte det, er ikkje noko Vikingsupporterar likar å bli minna om. Den siste tellande kampen mellom laga var i 2.runde i cupen i 2018, då Omar El-Ghaouti scora for Bryne to minutt før slutt på Bryne Stadion slik at Bryne vann 1-0.

Det vil ta for mykje plass å nevna alle som som har spela kampar for både Bryne og Viking. Den siste direkte overgangen frå Bryne til Viking var Daniel Karlsbakk i 2022, medan Lars Erik Sødal var den siste andre vegen.

I dagens Viking-stall er Viljar Vevatne den einaste som har spela for Bryne. I Bryne-stallen har Jon Helge Tveita, Christian Landu-Landu, Jens Husebø, Sondre Norheim og nevnte Sødal spela i mørkeblått.

innlegg skrevet av Geir Magnus Sandve

Annonse fra Eliteserien: