Fem på rad?

Kan vi vinna vår femte heimesiger på rad?

Etter å ha vunne fire kampar på rad på heimebane, er dette eit naturleg spørsmål å stilla før kampen mot Åsane på søndag. Ved å sjå på årets ligatabell kan det sjå lett ut, men fotball er ikkje matematikk. Sjølv om vi var seks plassar og sju poeng betre ved sesongslutt, slo Åsane oss i begge seriekampane i fjor.

Kjøp billett til Bryne - Åsane

Åsane
Årets Åsane-lag er samansett av mange spelarar med mykje rutine frå norsk toppfotball og er det laget med høgast snittalder i OBOS-ligaen.. Trenar Morten Røssland som er tilbake i klubben etter fleire sesongar i Bodø/Glimt, har dei siste kampane stilt opp laget i eit  3-4-3-system. Nokre av spelarane som starta dei første kampane har vore ute med skade den siste månaden, og det kan vera ein av grunnane til at laget berre har vunne to kampar, 1-0 på heimebane mot Start og Sandnes Ulf. På bortebane har laget tatt eitt poeng, 2-2 mot Ranheim i første kamp.

552A0142.jpg
Laget jubler etter at Andreas Dybevik har scoret vinnermålet på overtid mot Ranheim i sist hjemmekamp.

Laget
Keeper Simen Lillevik Kjellevold frå Stryn er er 29 år, og har erfaring frå Kongsvinger, Stabæk, Strømmen og Grorud . Han er ny i Åsane i år, etter ein sesong i KR Reykjavik på Island.

Forsvarsrekka inneheld mykje rutine. Eirik Steen har spela i Åsane sidan debuten på A-laget i 2015, med unntak av ein sesong i Bodø/Glimt i 2018. Ole Martin Kolskogen frå Os er lagets kaptein med U-landskampar for Norge på fire alderstrinn. 23-åringen har spela elitefotball både for Brann, Jerv og Aalesund, men kom heim til Bergen igjen i fjor sommar for å spela for Åsane. Tidligare Brann- og Aalesund spelar Kristoffer Barmen er ein kjent fotballprofil. Han er blitt 30 år, og spelar nå på høgre midtstopparplass, men blir ofte flytta fram på spissplass mot slutten av kampane. Magnus Bruun-Hansen, som og er stoppar, har fått mykje omtale den siste tida, men om han blir å sjå på banen på søndag er eit ope spørsmål. Veteranen Martin Ueland med A-lagserfaring sidan 2012 er skada nå, men har spela kampar denne våren og.

Det blir OBOS Fanzone på stadion to timer før kampen.
Det blir OBOS Fanzone på stadion to timer før kampen.

På midtbanen spelar Knut Haga som kom til Åsane i 2022 og Dennis Møller Wolfe, storebror til meir kjente landslagsdebutant David i AZ Alkmaar, på kantane. Sentralt på midtbanen har klubbveteranen Stian Nygard vore på A-laget sidan 2015 og spelar saman med  Didrik Fredriksen som har vore i klubben sidan 2019. Ein for tida skada Emil Sildnes og Sander Strand har begge erfaring frå HamKam. Strand, Mats Thornes og Ole Kallevåg frå Bremnes er og aktuelle på midtbanen.

Spissen Erling Myklebust kjenner vi frå tida i Vard. Han er skada nå. Dei to rutinerte bergensarane, Steffen Lie Skålevik (31) og Kristoffer Larsen (32) spelar på kantane i angrepsrekka. Begge har haugevis med kampar på elitenivå, først i Brann og seinare i andre klubbar. Begge har fleire sesongar i Sarpsborg 08. Larsen har og spela for Odd, medan Skålevik har vore i Nest-Sotra, Start og Sogndal. Heilt på topp har Einar Iversen (22) frå Stord som kom tilbake til Norge og Åsane i år, etter eit lengre opphald i akademiet til Everton, spelt dei siste kampane, men må nå stå over etter å ha fått sit fjerde gule kort mot EIK på onsdag. Han kan bli erstatta av Emmanuel Banguora som hadde eit godt innhopp i same kampen.

Litt historikk
Tre av dagens Brynespelarar var med då vi slo Åsane 3-1 hausten 2016. Både Sondre Norheim, Pål Aamodt og Robert Undheim starta kampen, der dei to siste vart bytta ut. Åsane har og to klubbveteranar igjen i stallen i dag, frå den kampen. Stoppar Eirik Steen og midtbanespelar Stian Nygard starta kampen, blant anna saman med ein kjent spelar som har spela for begge klubbar, Geir Andrè Herrem. Frå kampane i 2022, då Bryne vann begge 2-1, hugsar vi at Robert Undheim scora to av sine flottaste mål i heile karrieren på Åsane Arena og sigersmålet på heimebane.

Kjøp billett til Bryne - Åsane

Annonse fra Obos-ligaen: