
Fest mot Fredrikstad
Etter seieren i Drammen er det klart for ny seriekamp på heimebane. Kom på kamp for å sjå om Bryne kan gjenta suksessen frå Marienlyst 16.mai.
Motstandar Fredrikstad er ein av aristokratane i norsk fotball, med 9 seriegull og 12 NM-titlar, den siste ifjor. Dei fleste titlane ligg ein del tiår tilbake i tid, og klubben var, som Bryne, nede på nivå tre i norsk fotball, for relativt få år sidan. FFK ligg nå på 4.plass på tabellen etter å ha vunne alle fire heimekampane, og tatt fire poeng på tre bortekampar. Begge laga rauk ut av cupen denne veka, FFK etter ekstraomgangar og tap på straffespark mot Lillestrøm, ein dag seinare enn Bryne. Kanskje vil det prega kampen?

Tidligare kampar mellom laga
På Fredrikstad Stadion braut Bryne ei rekke med seks strake bortetap i 2022 med å vinna 3-1 etter scoringar av Rogvi Baldvinsson, Robert Undheim og Jørgen Voilås. På Bryne Stadion vann FFK tre kampar på rad, i 2019, 2021 og 2022, før det vart 0-0 i 2023, då Fredrikstad rykka opp til Eliteserien . Siste heimeseier, 3-1 i 2016, vekker dessverre heller ikkje gode minner. Det var avgjerande kamp i siste serierunde, med 3600 på tribunane, og ein god kamp av Bryne. Men resultata i andre kampar gjekk ikkje vår veg, så det vart nedrykk likevel. Kampen var og Erling Braut Haalands siste obligatoriske kamp i Bryne-trøya, då han kom inn for tomålsscorar Aram Khalili. FFK har ein spelar igjen frå den kampen i troppen i dag: Ludvig Begby. Sondre Norheim var ubenytta reserve for Bryne, men blir dessverre ikkje å sjå på banen idag, på grunn av det røde kortet i cupkampen mot KFUM.
Fredrikstad : Lagets trenar og spelartropp
Klubbens trenar, Andreas Hagen, har som vår assistent, Mikkel Bjørnstad, vakse opp i Skeid. Han spela aktivt i Jerv og Viborg i Danmark før han spela to sesongar i FFK. I 2020-22 var han assistenttrenar i Jerv, før han fekk same jobb i FFK, der han overtok hovedansvaret i 2024, først midlertidig og deretter fast.
Spelargruppa er ei god blanding av rutine og mange nye, unge. Danske Jonathan Fischer overtok keeperplassen i fjor,og var ein ein av dei beste i Eliteserien då. Rutinen er ikkje minst representert ved backen Simen Rafn, som blant anna spelte på Bryne i 3-2 seieren så langt tilbake som i 2015, og kantspelar Ludvig Begby som var med i kampen her i 2016. Også forsvarsspelaren Stian Stray Molde som har vore i klubben sidan 2019 har spela fleire kampar på Bryne Stadion.
Men det har vore stor fornying av laget etter Andreas Hagen overtok. Den unge stopparen Fallou Fall frå Senegal må stå over, etter han fekk sitt fjerde gule kort 16.mai i 1-0 seieren mot KFUM. På backplass er bergensaren Ulrik Fredriksen med fortid i Sogndal og Haugesund svært aktuell for laget. Daniel Eid med sine lange innkast, som starta karriera i Hødd og kom til FFK i fjor er aktuell som back. Ghanesaren Max Woledzki spelar nok i midtforsvaret nå som Fall må stå over.
Ein annan ghanesar, midtbanespelar Leonard Owusu, er på lån frå Partizan Beograd, og var lagets kaptein i siste seriekamp. På midtbanen finn vi og canadiaren Patrick Metcalfe, som spela saman med Owusu i Vancouver i 2020 og 2021. Metcalfe spela og for Stabæk i 2022. Estlendaren Rocco Shein har spela eit par sesongar i Nederland og er ny i FFK i år. På topp er danske Emil Holten på lån frå Elfsborg i Sverige. Han har scora 3 seriemål så langt, og saman med ein annan danske, unge Oskar Oehlenschlager og trønderen Sondre Sørløkk utgjer dei ein målfarlig trio. Dei tre unggutane Benjamin Faraas (ex Hamkam), Henrik Skogvold (ex Lillestrøm) og Eirik Granaas (ex Mjøndalen) er svært lovande angrepsspelarar.
Trenarar og spelarar som har vore i begge klubbar:
Både Mons Ivar Mjelde og Jan Halvor Halvorsen har vore trenar for begge klubbar. Ifjor var den unge backen Imre Bech Hermansen på lån i Bryne frå Fredrikstad. Spissen Dag Frode Hornseth spela for Bryne i 2003 i Eliteserien, og hadde og eit opphald i FFK. Bjørnar Holmvik kom frå FFK då han signerte for Bryne før 2015-sesongen.