Før kampen mot Aalesund

Aalesund kjem på kveldsbesøk på onsdag.

At eit lag som rykka ned frå Eliteserien året før, ligg sist med berre 5 poeng i OBOS-ligaen etter 8 serierundar er sjeldan kost i norsk toppfotball. Men det er dei harde fakta for «tangotrøyene» frå Aalesund i 2024. Borteseieren med 3-1 mot Start i andre serierunde er den einaste trepoengaren laget har, og trenar Christian Johnsen som vart henta frå Raufoss ifjor, har det ikkje lett om dagen. Dei siste dagane har både daglig leiar og keepertrenaren takka for seg, så at publikum og supportarar ikkje er nøgde med situasjonen i AaFK, er nok  ikkje å ta for hardt i.

Kjøp billett til kampen her

Abonner på sesongkort

0S6A4687.JPG
Sist lagene møttes på Bryne stadion var i 2021. Da vant Aalesund 3-2.

Laget
I mål står Stein Grytebust , ein velkjent 35-åring, med 5 A-landskampar. Han kom tilbake til moderklubben i 2022 etter seks år i Danmark, der han spela for Odense, FC København og Vejle. Og det var stor glede i klubben då han skreiv ny kontrakt i vinter. Denne våren har laget spela både 3-4-3 og 4-3-3 og endra mykje på startoppstillinga, både på grunn av skader på fleire sentrale spelarar og dårlig poengfangst.

Rutinerte Thomas Grøgaard, med fortid i Odd; Brann og Strømsgodset har spela både back og kant, og nordlendingen Kristoffer Nessø som er ny frå Sogndal i år, har og spela back i fleire kampar. To ungdommar, Nikolai Hopland og Sivert Haram som begge for tida spelar på norske U-landslag har spelt dei fleste kampane som midtstoppar, der den meir kjente spissen Martin Ramsland og har måtta trø til. Ramsland hugsar vi best frå kampane mot Sandnes/Ulf etter opprykket vårt i 2021.

På midtbanen har både John Kitolano og Markus Karlsbakk vore lenge ute med skade, og det same har den raske spissen Bjørn Martin Kristensen som vi hugsar frå kampane mot Grorud i 2021 og 2022 og Noah Solskjær som scora mot Bryne i treningskampen i Marbella i mars i år. Dei som har spela dei fleste kampane på midtbanen er islendingen David Snær Johannsson, trønderen Håkon Hammer og unge Eivind Kolve.

552A2362.jpg
Duarte Moreira møter landsmann Claudio Braga på onsdag.

På topp har portugisaren Claudio Braga som kom frå Moss i år og dei to unge, ghanesaren  Isaac Atanga og lokale Sander Kilen vore mest brukt. Fleire andre unggutar, Sebastian Berntsen, Metodi Maksimov, Kristian Lonebu, John Ruud Norvik og Simon Aarønes Holte som nettopp vart henta heim frå låneopphald i Alta, kan og bli å sjå på Stadion på onsdag kveld.

Kort historikk og spelarar som har spela for begge klubbane
I nyare tid møttest laga i OBOS-ligaen i 2021, der Aalesund vann 2-1 heime i åpningskampen på ColorLine og 3-2 på Bryne, og rykka opp til Eliteserien då sesongen var slutt. Ingen av Aalesundspelarane frå dei kampane er lenger i klubben, medan både Andreas Dybevik (scora på heimebane) og Robert Undheim (scora i Aalesund) var på laget for Bryne i begge kampane. Sondre Norheim, som nettopp var tilbake i Bryne, spela og heimekampen i september. Det siste møtet mellom klubbane var treningskampen i mars i år der det vart 1-1 og Dybevik scora.

Tre spelarar har spela for begge klubbane dei siste åra, Kristoffer Hay, Jørgen Hatlehol og Mamadou Diaw.

Bondehæren er klar til kamp
Bondehæren er klar til kamp

Ny seier på heimebane?
Kan Bryne slå tilbake etter tapet i Sandnes? Sjølv om Aalesund, som ein av favorittane til opprykk før sesongen, er i desperat poengnaud, vil nok våre revansjesugne spelarar visa at vi igjen kan scora mål på heimebane.  Spesielt Eirik Saunes og Alfred Scriven med fleire sesongar i Hødd ser fram til denne kampen.

Kom på kamp og ver med og lag same tribunestemninga som på 16.mai i Sandnes!

 

Kjøp billett til kampen her

Abonner på sesongkort

Annonse fra Obos-ligaen: