
Gratis kamp om kvalik på søndag
Kan vi vinna vår sjette strake heime mot Kristiansund ?
På søndag er Kristiansund motstandar på Stadion. Laget frå Nordmøre er tilbake i Obos-ligaen etter 6 sesongar i Eliteserien og ligg pr i dag som nr 5 på tabellen, med 3 fleire poeng enn Bryne. Kristiansund har, som Bryne, tatt dei fleste poenga sine på heimebane, og berre vunne 2 bortekampar, i april mot Mjøndalen og den siste 28.august i Moss med 3-0.
Hent ut gratis billett til kampen her.
Tidligare kampar
I oppgjeret på Nordmøre Stadion 6.mai i år vann KBK 3-1. Kampen var jamn fram til den unge høgrekanten Oskar Sivertsen, som spelar på Norges gode G-19-landslag, kom inn midt i 2.omgang. Det gjekk ikkje lenge før han la eit presist innlegg på hovudet til Benjamin Stokke som heada inn 2-1. Og då det same gjentok seg nokre minuttar seinare var kampen avgjort.
Skal vi finna fleire oppgjer mellom klubbane må vi tilbake til 2016, då 1.divisjon heitte Adeccoligaen og klubbane tok kvar sin veg i divisjonssystemet ved sesongslutt, KBK opp i Eliteserien og Bryne ned i Post Nord. I oppgjeret på Bryne vart det 2-2, der både Sondre Norheim og Pål Aamodt starta kampen, og Erling Braut Haaland kom inn for Rets Grødem med Alf Ingve Berntsen på trenarbenken. I returoppgjeret i Kristiansund vann KBK 2-1 i Ole Hjelmhaugs første kamp som hovudtrenar, der det høyrer med til historia at Bryne fekk straffe i det 90.minutt og Vegar Landro ikkje klarte å setja sitt 12. straffemål på rad for Bryne.
.jpg)
Tre andre spelarar som spelar i dag har og erfaring frå desse oppgjera. Robert Undheim kom inn som innbyttar på Bryne Stadion både i 2015 ( 2-0 til Bryne) og 2014 ( 3-1 til KBK ). Andreas Hopmark frå KBK var på banen i 2013 i Kristiansund ( 2-2 ), i ein kamp der Rogvi Baldvinsson scora for Bryne via ein KBK-forsvarar. Rogvi spela og i oppgjeret på Bryne 18.august då Bryne vann 4-2, og låg på 2.plass på tabellen. Ørjan Hopen scora første målet og Bryne fekk ei dobbeltside i VG-sporten dagen etter. Denne datoen for meir enn ti år sidan, er siste gong Bryne låg i opprykksposisjon til Eliteserien.
Kristiansund
For 20 år sidan vart dei to klubbane Clausenengen og Kristiansund FK slått saman til KBK med tanke på å få til eit topplag i byen. Gode spelarar forsvann stadig til toppklubbar. Det er nok å nevne Anders Giske, Arild Stavrum, Andrè Flem og Ole Gunnar Solskjær. Først då Christian Michelsen kom tilbake til byen frå Stabæk og Moss, først som spelar, seinare trenar frå 2014, starta oppturen som til slutt enda i seks sesongar i Eliteserien. Nå er Michelsen og historie, og Amund Skiri vart i slutten av august henta inn til å leia laget ut sesongen.
Heile forsvarsrekka var med på nedrykket i fjor. Keeper Mbaye, Snorre Strand Nilsen, Sebastian Jarl, dei to veteranane Dan Petter Ulvestad og Andreas Hopmark som begge har hatt kapteinsbindet i år og unge Max Williamson spelar denne sesongen og. På midtbanen er to nye unge, Marius Broholm som kom frå Rosenborg og Mikkel Rakneberg med bakgrunn i Lillestrøm og Ull/Kisa. Høgrekant Sivertsen og spiss Benjamin Stokke har vi nevnt, og islendingen Brynjolfur Willumsson er og nykommar. Sondre Kartum som spela mot Bryne i vårkampen, har derimot gått til Brann i august.

Ny seier?
Kan Bryne slå tilbake på heimebane etter tapet i Mjøndalen? På heimegraset har vi blitt svært vanskelige å ta poeng frå. Med B-gjengen i spissen for mykje folk på tribunane, og eit lag som scorar fine mål, kan det fort bli gildt på Stadion på søndag. Kan vi håpe på ein kamp som i 2013, då vi vann 4-2?