Haustjakta på poeng er i gang

Bryne møter Kristiansund på Bryne stadion på søndag.

Bryne tok sitt første bortepoeng på ei stund då Sanel Bojadzic utlikna mot Fredrikstad i sluttminutta.  På søndag er det heimekamp på Stadion, der Bryne vil «gje alt» for at avstanden opp til tabellnabo Kristiansund vert mindre enn dei seks poenga det er nå, og då er berre tre poeng godt nok. Med seier i cupkampen i Brattvåg på onsdag er laget på vinnarsporet igjen, og då skal bli svært vanskelig for KBK å reisa heim til Nordmøre med poeng.

Kjøp billett til kampen her

KBK
KBK var stifta i 2003 etter at dei to Kristiansundsklubbane Clausenengen og KFK vart slått saman for at byen på sikt skulle klara å få eit lag i toppen av norsk fotball. I 2012 kom opprykket til 1.divisjon, og i 2017 var laget klar for eliteserien for første gong. Det blei ein snartur nedom OBOS-ligaen i 2023, men laget kom seg tilbake i toppen igjen på første forsøket, der Bryne blant anna måtte gje tapt etter straffekonkurranse i kvalik-kampen på Nordmøre Arena.

Lagets hovudtrenar er Amund Skiri. Han er 47 år, har hatt både spelar- og trenarkarriera si i Aalesund og Vålerenga, og er nå inne i sin tredje sesong som trenar i KBK.

Laget
Det sterk konkurranse om keeperplassen. Både amerikanske Michael Lansing (31), med fortid i danske Vejle og Horsens, og seinast i Aalesund, lokale Adrian Sæther (24) og Knut Skjærstein (30) med fortid i KFUM, Lillestrøm og seinast i Egersund har spela seriekampar denne sesongen.

Sist Bryne vant mot Kristiansund på Bryne stadion scoret Jon Helge Tveita et av målene.
Sist Bryne vant mot Kristiansund på Bryne stadion scoret Jon Helge Tveita et av målene.

I forsvarsfireren er nok midtstoppar, kaptein og klubbveteran Dan Petter Ulvestad (36) den mest kjente. Han var kaptein på laget så langt tilbake som i 2013, blant anna då KBK gjesta Bryne det året og tapte 2-4. Ian Hoffmann frå Texas som spela i Moss i 2023 og 2024 og er på lån frå polske Lech Poznan er inne på laget i forsvaret, der og lokale Marius B. Olsen og den offensive backen Mikkel Rakneberg har spelt dei siste kampane. Serberen Igor Jelicic og danske Fredrik Flex kan og bli å sjå på banen i dei bakre rekkene. Begge er nye i klubben i år. Unge Anders Børseth (19) som er U-landslagsspelar og vore i Molde og tyske Wolfsburg, er og på plass i stallen. Så gjenstår det å sjå om Axel Kryger blir å sjå på banen og, som klubbens siste signering.

På midtbanen har bergensaren David Tufeksic, nigerianaren Wilfred George og Niklas Ødegård med fortid i Molde og HamKam spela mange kampar. Alle tre er unge, der danske Rezan Corlu (28) står for rutinen. Han har erfaring frå Brøndby og Lyngby og er ny i år. Etter ferien har Syver Skeide, med fortid i Hødd og Bodø/Glimt og svenske Henry Sletsjøe på lån frå Rosenborg også fått med seg fleire kampar.

På topp er det og kamp om plassane. Nigerianaren Mustapha Isah med fortid i danske Randers og Start,  norsk-senegalesaren Alioune Ndour på lån frå Zulte Waregem i Nederland og fortid i Florø, Sogndal og Haugesund og unge Sander Kilen(20) frå Årdal i Sogn og som har vore i Sogndal og Aalesund kan alle bli å sjå på lagoppstillinga. Lokale Leander Alvheim som scora målet mot Tromsø i cupen på onsdag, og nettopp vart henta heim frå lån i Ranheim, er og aktuell.

Brynes Duarte Moreira scorer 0-1-målet under eliteseriekampen i fotball mellom Kristiansund og Bryne på Nordmøre Stadion.Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB
Brynes Duarte Moreira scorer 0-1-målet under eliteseriekampen i fotball mellom Kristiansund og Bryne på Nordmøre Stadion.Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Kampar mot Bryne, og spelarar som har spela for begge klubbane
I vårkampen på Nordmøre vann KBK 2-1 der eit seint avgjerande straffespark etter at Duarte Moreira hadde gitt Bryne ei tidlig leiing. Moreira har forresten scora i alle tre kampane han har spela mot KBK. I 2023 vart det scoring både i heimekampen (1-1) og kvalik-kampen borte.

Statistikken viser og at ein må tilbake til 2014 for å finna seier til KBK på Bryne.

(3-1). Bryne vann heimekampane i 2013 (4-2) og 2015 (2-0). I kampen i 2015 scora Jon Helge Tveita eitt av måla. I 2016 (2-2) starta Magnus Rets Grødem og vart bytta ut mot Erling Braut Haaland.

Det er ikkje mange spelarar som har spelt for begge klubbane. Midtstoppar John Erik Klinge var på lån frå KBK til Bryne hausten 2007 medan Aleksander Midtsian samtidig vart lånt ut motsatt veg.  Axel Kryger debuterte nettopp for KBK.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Eliteserien: