
Heimekamp mot tabelljumbo i storform
Bryne møter Tynset til returoppgjer laurdag kl.14 på Aarbakkebanen.
Tynset har den siste tida hatt ei rivande utvikling. For knappe tre veker sidan låg dei desidert sist på tabellen med fire poeng. Før kampen mot Bryne har dei 13. Det vil seie full pott dei tre siste kampane og dei kan verkeleg bli kalla det store formlaget i 2.divisjon avd.1.

Det første oppgjeret mellom laga enda med 0-1-siger til Bryne. Då tok det nesten 80 minutt før Bryne fekk inn scoringa si, etter ein nokså vanskeleg kamp mot eit heimelag som var gode til å spele på styrkene sine.
September månad har bestått av varierte prestasjonar av Bryne, noko som har resultert i eitt tap, to uavgjort og éin siger. No ønskjer laget å avslutte månaden på ein god måte.

Møt opp på Aarbakkebanen kl.14!
(Det blir sett ut nokre benkar på langsida, men ta gjerne med stol dersom du vil sikre deg ein sitteplass).