
Høste poeng mot Godset
Har vi funne høstformen når Strømsgodset kjem på besøk?
Sommaren er på hell og Bryne treng å finna haustformen som har skaffa klubben mange poeng dei siste sesongane. Når lag nummer tre frå botnen skal møta lag nummer to frå botnen av tabellen vert det gjerne kalla eit botnoppgjer og ein kamp begge lag MÅ vinna. Men Bryne vann kampen på Marienlyst i Drammen 2-0 16.mai, og har ti poeng meir enn Strømsgodset, så bortelaget er nok absolutt i størst poengnaud.
Klikk her for å kjøpe billett til kampen
Strømsgodset
Drammensklubben kom inn i norsk toppfotball som «Gutta frå Gulskogen» på 1960-talet. Laget var i 1.divisjon frå 1967 til og med 1976, og fekk med seg tre cupmesterskap (1969,1970 og 1973) og seriegull i 1970 med den same stammen i laget, der toppscorar Steinar Pettersen som står på statue utanfor Marienlyst Stadion var den største profilen.
Laget møtte både Arsenal, Leeds og Liverpool i Europacupkampar der heimekampane vart spela på Ullevål. Og «Godset» har vel ein uslåeleg rekord i norsk fotball frå 1968, der seriemester Lyn blei slått 10-1 og 6-1 av laget som kom på 4.plass. Men laget vart lite fornya, og då nedrykket kom i 1976, gjekk det 12 år før laget var tilbake i øvste divisjon.
På 90-talet vart det nedrykk og opprykk fleire gonger, cupmesterskap i 1991 og to tapte finalar. Kjente profilar som Arne Dokken og Jostein Flo var sentrale både som spelar, trenar og sportslig leiar før laget fekk si andre «storhetstid» som starta med opprykket i 2006 under dagens trenar Dag-Eiliv Fagermo i klubbens 100-års jubileumssesong.
Cupmesterskap i 2010, seriesølv i 2012, seriegull i 2013 og seriesølv igjen i 2015, alle med Jostein Flo som sportssjef var sterke prestasjonar. I denne perioden spela laget 46 heimekampar på rad utan tap, og «vidunderbarnet» Martin Ødegaard vart presentert for norsk toppfotball. Nå er laget inne i sin 19. sesong på rad i Eliteserien sjøl om det er ei stund sidan det var topp-plasseringar.
Laget
Årets lag har mykje rutine. Keeper er haugesundaren Per Kristian Bråtveit som debuterte for FKH som 18-åring, og har spela både i Sverige ( Djurgården ) og Danmark (AGF Århus), og var innom både Vålerenga og Odd før han kom til klubben i fjor.
I forsvaret finn vi backen Lars Vilsvik som har flest kampar for klubben gjennom alle tider på dei 16 åra han har spela. Midtstoppar Gustav Valsvik er ein annan veteran. Kom til klubben frå Sogndal i 2014, har spela i Tyskland (Eintracht Braunschweig) , Rosenborg og Stabæk før han kom tilbake i 2021. Jesper Taaje kom frå Sandefjord i 2024 og Fredrik Dahl kom i 2023 og utgjer saman med Vilsvik og Valsvik den mest brukte forsvarsfireren.
På midtbanen er Herman Stengel sjefen. Han tar «alle dødballar» og kom i 2018 etter opphald i Stabæk og Vålerenga. Med seg har han unge Fredrik Ardraa (19) som kom frå Raufoss i fjor og Johan Bakke (21), sønn til Eirik, som kom frå Molde i år. Gustav Wikheim er tilbake i klubben i sommar, men fekk rødt kort i siste kamp mot Bodø/Glimt og blir ikkje med til Bryne. Sivert Westerlund kom og frå Raufoss i fjor. Norsk-irakeren Marko Farji og Alie Conteh med landskampar for Sierra Leone som kom frå Mjøndalen i sommar, har spela dei siste kampane på topp. Markus Mehnert og Elias Melkersen har ikkje spela dei siste kampane på grunn av skade.
Kampar mot Bryne
På tross av at begge laga har ei lang historie i norsk toppfotball har det ikkje blitt så mange møter mellom laga. I 1976 møttes laga på Bryne Stadion i Brynes første sesong i Eliteserien og Bryne vann 5-0, då Godset rykka ned. I 2001 vart det 1-1 på Bryne då og Godset rykka ned. Laga møttes og tre år på rad på Bryne i Adeccoligaen utan Brynetap, med 0-0 i 2004, 2-1 i 2005 og 3-2 i 2006. I 2005 scora Bryne sjeldant nok begge måla på straffe, ved Thomas Sandal og Paul Oyuga.
Kampen i 2006 var Ronny Espedals store kamp. Han scora dei to siste måla då Bryne snudde 0-2 til 3-2 i Godsets siste opprykkssesong. Av spelarar som har spela for begge klubbane har eg ikkje funne mange: Våre to cupfinaleheltar frå 1987, Bjørn Gulden og Jan Madsen spela begge for Godset før dei kom til Bryne. Trygve Aase Lunde kom frå Godset til Bryne i 2005, og både Tommy Høiland og Jonatan Braut Brunes var innom Strømsgodset ein kort periode.