Kan vi endeleg slå KFUM på heimebane ?

Vi har aldri slått KFUM på heimebane på fire forsøk. Tre gonger har vi tapt, og vi tok vårt einaste poeng i 2021 då resultatet vart 1-1 og Kristoffer Hay scora målet vårt.

KFUM Oslo som laget heiter, spelar heimekampane sine på Ekeberg og på kunstgraset der har Bryne gjort det mykje betre. Vi vann 1-0 i 2021 då Joacim Holtan scora seiersmålet på slutten av kampen, og spela uavgjort både i fjor ( 3-3 ) og i PostNord-ligaen i 2018 (1-1). 

Første gongen vi møtte KFUM på Bryne Stadion var 16.mai i 2016, då  Alf Ingve Berntsen nettopp hadde overtatt som trenar for A-laget.  Erling Braut Haaland debuterte frå start, og Jonatan Braut Brunes fekk sin første A-kamp som innbytar. Men KFUM vann likevel 1-0, i sin første kamp på Jæren nokon sinne. Av dagens spelarar starta og Sondre Norheim, medan Pål Aamodt og Robert Undheim kom inn som innbytarar. I 3-3-kampen på Ekeberg i fjor haust scora Christian Røer, Robert Undheim og Sigurd Grønli måla for Bryne i ein spennande og underhaldande kamp.

Etter 9 kampar denne sesongen har både Bryne og KFUM klart å samla i hop 10 poeng. Som dei fleste veit har ikkje Bryne tapt på heimebane, men tre av dei fem kampane har enda uavgjort.  KFUM har ikkje har vunne på bortebane, men laget har spela uavgjort både mot Mjøndalen ( 2-2 ) og Åsane ( 1-1 ). Statistikken skulle då  tilsei ein jamn kamp 2.pinsedag.

FUM stiller med ny trenar denne sesongen, Johannes Moesgaard, som har overtatt etter Jørgen Isnes.  Av spelarar på laget er vel klubbveteran Robin Rasch på midtbanen det mest kjende namnet. Han har vore med i 7 av dei 8 kampane mot Bryne sidan 2016. Remi Andrè Svindland , også midtbanespelar, har og mange kampar for klubben. Spissane Hummelvoll-Nuñez, Okeke og Njie er og spelarar som har markert seg dei siste sesongane.

Laget vårt har vore ramma av skadar dei siste vekene. Med Grønli tidlegare, og både Saunes, Undheim og no sist Stensrud ute med skade er vi svekka offensivt. Likevel skal stallen vera sterk nok til at det kan bli seier og poeng mot KFUM 2.pinsedag.

Annonse fra Obos-ligaen: