Kan vi slå Åsane på heimebane – som vi gjorde i fjor?

Søndag 15:00 spiller vi hjemmekamp mot Åsane, kom på kamp!

Kan vi slå Åsane på heimebane – som vi gjorde i fjor?

15.mai i fjor kjempa vi til oss våre tre første poeng då Åsane blei slått 2-1 etter scoringar av Robert og Rogvi. Poengfangsten var i gang, og i nest siste serieomgang i Åsane tok vi ein ny 2-1 seier etter to klassescoringar av Robert.

Vårsesongen 2023

Etter 11 kampar har vi nå samla i hop 10 poeng, eitt fleire enn i 2022, etter same antal kampar. Og igjen er det på tide å snu ei tapsrekke, når vi møter Åsane. Laget frå Bergen har ennå ikkje vunne ein seriekamp og ligg sist på tabellen med 5 poeng. 3 av poenga har kome på bortebane, etter uavgjort mot Mjøndalen, Hødd og Raufoss.

I siste treningskamp før seriestart i starten på april, møttest laga på Stord og spela 2-2, der Jørgen Hatlehol og Jens B. Husebø scora våre mål. Åsane har spela 5 uavgjorte så langt, og heldt uavgjort etter ordinær tid denne veka i cupen mot KFUM, men tapte 4-2 etter ekstraomgangar.

Litt historikk

Tre av våre spelarar var med då vi slo Åsane 3-1 hausten 2016. Både Sondre Norheim, Pål Aamodt og Robert Undheim starta kampen, der dei to siste vart bytta ut. Åsane har og tre klubbveteranar igjen i stallen i dag, frå den kampen. Både keeper Eirik Østgaard, stoppar Eirik Steen og Stian Nygard starta kampen, blant anna saman med ein kjent spelar som har spela for begge klubbar, Geir Andrè Herrem.

Åsane

Av kjente fotballnamn på dagens Åsane-lag, har vi Ola Heltne Nilsen og Magnus Bruun-Hansen, der nok mange ville kjent igjen fedrene. Spissen  Erling Myklebust kjenner vi frå tida i Vard, og han scora mot oss i Bergen i fjor. Ein annan spiss, Kristoffer Larsen, som vi kjenner frå tida i Brann, er tilbake i Bergen etter opphald i Sarpsborg og Odd. Emil Sildnes på midtbanen har spela i Hamkam, og Mame Ndiaye har hatt eit lengre opphald i Raufoss.

Bryne

Med tre av våre beste offensive spelarar ute med skade i fleire kampar, har det vore vanskeleg å få ballen i mål. I andreomgangen mot Skeid vart det skapt fleire store målsjansar, utan at ballen ville inn. Men våre unge spissar Elias Årsvoll og Sjur Jonassen begynner å bli varme i trøya på A-laget og nærmar seg scoring. Og ingen ting hadde vore gildare om ein av dei kunne vorte matchvinnar.

Annonse fra Obos-ligaen: