
Kan vi slå Ranheim?
Både Bryne og Ranheim vann treningskampen sin på laurdag. Ranheim vann 3-1 mot Kristiansund og vi slo Start 5-1. Det kan tyda på ein målrik kamp på søndag, som det har vore tidligare og, når laga møtes til kamp om seriepoeng.
Vi tapte bortekampen i vår 1-2 der Abel Stensrud scora for oss, medan Arne Gunnes, utlånt Brynespelar, scora seiersmålet for Ranheim. Arne Gunnes scora og i sist oppgjer mellom laga på Bryne, i 1-2 tapet i fjor vår, men då scora han for Bryne. Robert Undheim har og scora to gonger i kampar mellom laga, i 1-1-bortekampen i fjor, og i 5-2-seieren på heimebane i 2021 då vi vann 5-2. Men han var ikkje med i siste bortekampen i 2021 då vi vann 4-2 og Oliver Rotihaug scora det eine målet vårt.
Historisk Haalanddebut
Går vi enda lenger tilbake i tid, til 2016, var det i bortetapet 0-1 mot Ranheim i mai, Erling Braut Haaland fekk sin debut i norsk toppfotball i det mykje omtalte innbyttet for Robert Undheim. Den kampen vart og Gaute Larsen sin siste som Bryne-trenar. Det er ikkje mange spelarar som var på banen for sine klubbar i den kampen, som ennå er aktive i same klubb i dag. Men Sondre Norheim starta kampen for Bryne, fekk gult kort og vart bytta med Pål Aamodt. Og det det var Mads Reginussen som scora kampens einaste mål på straffespark i første omgang. Daniel Kvande, som er suspendert etter rødt kort mot Sandnes Ulf i sist seriekamp, var og med for Ranheim i den kampen.
Beskjeden borteform
Ranheim fekk ein flott start på sesongen i år, der laget var på toppen i dei første serieomgangane. Seinare har det gått nedover med poengfangsten, og pr i dag ligg laget på 9.plass med 20 poeng. Det vart seier i dei to første bortekampane i april, mot Jerv og KFUM, men etter det har ikkje laget makta å vinna ein einaste bortekamp. På heimebane har det vore mykje opp og ned, men 0-4 mot Skeid og 0-5 mot Sandnes Ulf i juli var «stygge» sifre.
Gamle kjenningar
Ranheim stiller med nye midtstopparar, sidan nevnte Kvande er suspendert, og Sondre Langås nettopp er solgt til Viking. Av andre «kjenningar» enn Arne Gunnes, må nevnast keeper Nicklas Frenderup, dansken med landskampar for Trinidad, som var på låneopphald i Bryne i 2021. Og Morten Gamst Pedersen, snart 42 år, starta treningskampen mot Kristiansund. Lagets fysioterapeut, Jonas Bolkan Nordli, har spelt vårsesongen i Byåsen. Nå har han meldt overgang til eigen arbeidsgjevar, og scora 2 av måla i den nevnte treningskampen. Bendik Bye og Bo Marklund er og navn med god klang i norsk toppfotball. Og ikkje minst lagets trenar, Kåre Ingebrigtsen, har vore med på mykje i fotballen sidan han debuterte som spelar for Rosenborg i 1985. Skal ein få med alt, må det skrivast bok!