Kan vi vinna vår fjerde strake heime mot Raufoss?

Bryne - Raufoss, søndag kl. 15:00.

På søndag er Raufoss motstandar på stadion. Laget frå Toten ligg à poeng med oss på tabellen, med 13 poeng og det er faktisk Raufoss med 11 og Bryne med 12 som har scora færrast mål hittil i OBOS-ligaen 2023. Dermed kan vi nok ikkje reklamera med ein forventa målrik kamp, for å få publikum på kamp. Men kanskje det hjelper at Bryne har tatt tre strake heimesigrar i OBOS-ligaen mot Raufoss, og at motstandaren vår slo Viking ut av cupen i går kveld heime etter ekstraomgangar, i ein ellevill 4-4-kamp, der Raufoss var overlegne i straffekonkurransen.

    Raufoss

Raufoss har vore i OBOS-ligaen sidan 2019, og har fleire samanhengande periodar både på øvste og nest øvste nivå i norsk fotball tidlegare.  Laget stiller med ny trenar i år, svenske Jörgen Wålemark, som overtok etter Christian Johnsen i vinter etter å ha vore assistenten hans i et år.

Mange kjente fotballnamn har vore tilknytt Raufoss, trenarane Ivar Hoff og Dag Oppjordsmoen og tidlegare landslagsspelarar Svein Grøndalen, Stein Kollshaugen og Pål Strand. Christian Johnsen trente laget frå 2017-2022, og fekk fram eit lag som spela offensiv fotball med målrike kampar, både på heime- og bortebane.

Det har ikkje prega laget denne sesongen, bortsett frå cupkampen mot Viking i går kveld, så det blir spennande å sjå laget på søndag. Den einaste bortesigeren i år er 3-1 mot Start den 30.april. Dei tre siste bortekampane har vore utan scoring: Mjøndalen 0-3, Moss 0-1 og Jerv 0-1. Men 1-0 over Skeid på heimebane sist søndag var svært viktig.

Lagets keeper Ole Kristian Lauvli er klubbveteran med over 270 obligatoriske kampar for klubben. I midtforsvaret er ghanesaren Jamal Deen Haruna og Daniel Fremstad bankers på laget i ein 3-5-2 formasjon. Sveitseren Loris Mettler (med Panenka-straffe mot Viking) styrer midtbanen, der også Jakob Ørsal med fortid i Molde-systemet, Adrian Teigen som kom frå Levanger og Gard Simenstad har spela dei fleste kampane. På topp har trønderen Andreas Helmersen scora jamt og trutt i OBOS-ligaen i fleire sesongar. Filip Brattbakk har iallfall eit kjent etternamn, men unge Andreas Østerud har tatt den eine spissplassen i år.

  Tidlegare kampar

I nyare tid har som nemnt Bryne vunne dei tre siste oppgjera heime. 5-0 i fjor var den største sigeren i 2022. Robert Undheim var på scoringslista, som han og var i 2021 då vi vann 3-1. Der var og Pål Aamodt. Han var på laget så langt tilbake som i 2016 og, saman med Sondre Norheim, då vi vann 2-0. Pål får og blomar før kampen, for å ha passert 150 A-kampar. Går vi lenger tilbake i historia må nemnast 0-1 tapet på heimebane i siste seriekamp i 1998 der Bryne mista kvalikkplassen, men ikkje minst 1-0 sigeren i siste bortekamp i 1999, der kaptein Asle Andersen scora på straffe og heldt oppe opprykkshåpet. B-gjengen var sterkt tilstades på den kampen og.

  Ny seier?

Etter 1-0 seieren på Høddvoll der både Robert og Eirik var tilbake på laget, er det å håpa at den vinnarvilje som vart vist der, kjem til syne på Stadion søndag. Det gjeld ikkje minst å vera påskrudd frå start, og få første scoringa. Kanskje Robert set sitt første seriemål for sesongen? Grasmatta er topp, og med 10 mål mot Raufoss i dei tre siste heimeoppgjera kan det bli gildt å halda denne statistikken ved like.

Annonse fra Eliteserien: