Klar for Start

Bryne - Start er å rekna som eit lokaloppgjer i OBOS-ligaen, der det nok og er fleire hundre sørlendingar på plass på bortetribunen når kampen startar. Og kamp blir det. Våren er komen til Jæren der spelarane får norsk gras under føtene for første gong i kamp i 2024.

2 .påskedag kl 17.00 startar kampen om poeng i OBOS-ligaen. Med Start som motstandar på heimebanegras er det duka for fotballfest.

I dei tre kampane Bryne har møtt Start sidan vi var tilbake i OBOS-ligaen i 2021, har vi vunne 4-2 i 2021, 2-0 i 2022 og spela uavgjort 2-2 i fjor.

Kjøp sesongkort her

Kjøp billett til kampen her

Status Start
Som i dei fleste klubbar, har heller ikkje Start alle heilt speleklare til første seriekamp. Mathias Grundetjern, Kalle Wallius, Adrian Nilsen og Marius Nordal var ikkje med i generalprøva på Sør Arena mot Fløy som enda 1-1. Lagets nye trenar Azar Karadas uttaler at dei neppe er klare mot Bryne heller.

Men Start kjem likevel til Jæren med eit godt lag. Keeper Jasper Torkildsen er i Norges U-21-tropp, islendingen Bjarni Mark Antonsson og unge Sivert Sira Hansen som kom frå MK i 2021 var midtstopparar mot Fløy, medan Sander Sjøkvist og Fabian Ness starta på backplassane.

0S6A4605.JPG
Bryne-Start er å rekna som eit lokaloppgjer i OBOS-ligaen.

Eirik Schulze (31) med fortid både i Viking, Sandnes/Ulf og Sogndal er tilbake etter skade, og saman med svenske Tom Strannegård (22) og Jesper Gregersen (19) blir dei nok å sjå på midtbanen.

I tillegg henta Start nettopp ein svensk venstrekant, Marijan Cosic frå  Brommapojkarna. På topp  spelar truleg den unge svensken Salim Nkubiri saman med målfarlige og hovudsterke Alagie Sanyang.

Status Bryne
Kva så med Bryne? Heimebanefordel med naturgras, B-gjengen under tak som veit å gje lyd frå seg, og både godt spel og gode resultat i treningskampane skulle gje grunn til optimisme.

552A2278.jpg
Buttegutta og B-gjengen er garantert klare for Start.

Konturane av serielaget har vi sett i treningskampane der laget har vist at dei får til godt spel både i 4-4-2 og 3-4-3-formasjon.

Etter siste treningskamp mot Sandnes Ulf ser det ut til at Igor Spiridonov står i mål på mandag. Ein sterk haustsesong i 2023 og trygt og solid spel i treningskampane gjer han fortent til keeperplassen.

Danske Jakob Haahr Steffensen og Sondre Norheim, ser ut til å vera førstevalg på midtstopparplassane, iallefall nå som Tobias Guddal er solgt til Tromsø. Visekaptein Axel Kryger spelar nok på høgresida i forsvaret enten som tredje midtstoppar eller back. Tyske Luis Gørlich spela venstre back mot Sandnes Ulf og såg ut til å danna ei spennande venstreside saman med Jon Helge Tveita.

552A1476.jpg
Jon-Helge Tveita er klar til kamp mot gamle lagkamerater.

Tveita er tilbake i klubben etter 9 år, og det blir nok litt spesielt for han når han møter Start, der han var dei siste to åra. Eirik Saunes er «poteta» i laget, og har sett ut til å trives ute på høgrekanten i dei siste treningskampane.

Sentralt på midtbanen kjempar fleire om plassen. Christian Landu Landu og Sigurd Grønli har begge vore ute med skulderskadar dei siste vekene, men viste godt igjen i 2.omgang mot Sandnes Ulf. Andreas Dybevik, vår beste spelar i fjor og Lars Erik Sødal som nå er fast Brynespelar vil sjølvsagt og spela. I bakhand har vi Noah Mneney som utfordrar.

På topp har kaptein Robert Undheim og Duarte Moreira vore førstevalg i treningskampane hittil, men blir verkeleg utfordra av Sjur Jonassen som med si flotte scoring på laurdag på ØsterHus Arena viste at han vil ha meir speletid enn han fekk ifjor, der han og viste seg fram med den viktige scoringa mot Sogndal i siste heimekamp.

0S6A2561.JPG
Sondre Norheim scora to mål mot Start i 2022.

Tomålscorarar mot Start
Litt historikk om Bryne - Start: Ikkje sjeldan scorar ein Brynespelar fleire enn eitt mål i desse kampane. Heilt tilbake på 60-talet har vi Johannes Vold, vår toppscorar gjennom alle tider som scora 5 då vi vann 7-1 i 1967.

I vår første kamp i Tippeligaen i 2000, scora Jørgen Rangnes 2 då vi vann 4-2, og Richard Enge vart heller ikkje populær hos Start-fansen då han scora 2 i 2004. Robert Undheim (2021) og Sondre Norheim (2022) er og på denne lista.

Mange spelarar har spelt for begge klubbane i kortare eller lengre tid. Erik Mykland, Bård Borgersen, Svein Enersen og Jesper Mathisen er nokre av dei mest kjente.

Annonse fra Obos-ligaen: