
Klarer vi å slå Fredrikstad på heimebane?
I forkant av kampen mot Fredrikstad i morgen har Geir Magnus Sandve skrevet litt om historien mellom Bryne og Fredrikstad, les den her.
Etter to strake 2-2 kampar, med sterke 2.omgangar, er det klart for ny heimekamp. Og når motstandaren heiter Fredrikstad, er det historisk sett ikkje ei lett oppgåve.
Fredrikstad er ein av aristokratane i norsk fotball, med 9 seriegull og 11 NM-titlar. Dei har nettopp feira 120-års-jubileum med stor festivitas. Sjølv om dei fleste titlane ligg ein del tiår tilbake i tid og Bryne som var nede på nivå tre i norsk fotball på den tida, har Fredrikstad dei siste 10 åra hatt eit spesielt godt tak på oss.
På Fredrikstad Stadion braut Bryne ei rekke med seks strake bortetap i fjor haust med å vinna 3-1 etter scoringar av Rogvi Baldvinsson, Robert Undheim og Jørgen Voilås. På Bryne Stadion er det og nå på tide å bryta Fredrikstad si seiersrekke på tre kampar, i 2019, 2021 og 2022.
Siste heimeseier, 3-1 i 2016, vekker dessverre heller ikkje gode minner. Det var avgjerande kamp i siste serierunde, med 3600 på tribunane, og ein god kamp av Bryne. Men resultata i andre kampar gjekk ikkje vår veg, så det vart nedrykk. Kampen var og Erling Braut Haalands siste obligatoriske kamp i Bryne-trøya, då han kom inn for målscorar Aram Khalili. Begge lag har to spelarar frå den kampen igjen i troppen i dag: Ludvig Begby og Håvard Åsheim i Fredrikstad, Robert Undheim og Pål Aamodt i Bryne.
I år har Fredrikstad starta godt, og ligg på 4.plass med 8 poeng. Laget har vunne 1-0 både i Kristiansund og Mjøndalen, medan det har blitt to uavgjorte på heimebane, mot Moss (1-1) og Sandnes Ulf (0-0). Det tyder på eit lag det er vanskeleg å scora på, men kanskje finn Bryne nøkkelen til korleis forsvaret skal opnast.
Klubbens nye trenar, Mikkjal Thomassen er frå Færøyane. Han trente det beste laget der, Klaksvik i 7 år, før han kom til Fredrikstad i vinter. Assistenttrenaren, Andreas Hagen, har som vår assistent, Mikkel Bjørnstad, vakse opp i Skeid. Spelargruppa er ei god blanding av rutine og nye, unge. Keeper Håvard Jensen, den danske stopparen Mads Nielsen, backen Simen Rafn, midtbanespelarane Tomas Drage, Begby og Åsheim, og angriparane Riki Alba og Henrik Kjelstrup Johansen er alle spelarar med solid norsk toppfotballerfaring. Nye på laget i år er dei to unge midtbanespelarane, Brandur Olsen frå Færøyane og islendingen Julius Magnusson.
Kva så med Bryne? Kanskje det blir symbolsk at vi spelar med røde bukser mot Fredrikstad på heimebane i år, og dermed har «stole» noko av identiteten deira? Abel Stensrud er i scoringsform og har scora i tre kampar på rad. Han ønskjer å forlenga den rekka. Igor Spiridonov viste i Sogndal at han framleis er ein keeper å stola på. Våre to frå Færøyane, Noah Mneney som scora på ei presis heading i Sogndal og Rogvi Baldvinsson, vil nok og bidra til at ikkje landsmannen på motstandarens trenarbenk får dra frå Bryne med poeng, dersom dei kjem på banen.