Mjøndalen på laurdag

Denne helga møter vi Mjøndalen heime i OBOS-ligaen.

Laurdag 11.mai møter vi Mjøndalen som er inne i sin tredje sesong i OBOS-ligaen etter nedrykket i 2021. Trenar Kevin Nicol er skotte, og har vore i norsk fotball sidan 2007, først som spelar i ulike klubbar, og dei siste åra som assistenttrenar, og frå ifjor hovudtrenar  i Mjøndalen.

Kjøp billett til kampen her

Abonner på sesongkort

Mjøndalen ligg på 11.plass på tabellen med 6 poeng på dei 5 første kampane. Bortekampen mot Stabæk vart utsett, så dette er berre lagets andre kamp på framandt gras. I den første vart det 1-3 tap i Sogndal. På heimebane vekte 5-3 seieren over Vålerenga oppsikt, der den unge spissen Alie Conteh frå Sierra Leone kom inn som innbyttar og scora 3 mål.

Sondre Norheim, Lars Erik Sødal og Duarte Moreira går for ny hjemmeseier på lørdag.
Sondre Norheim, Lars Erik Sødal og Duarte Moreira går for ny hjemmeseier på lørdag.

Laget spelar vanligvis i eit 5-3-2 system med vingbackar der Meinhard Olsen på venstresida nok er den som er mest kjent for vårt publikum, sidan han var i Bryne i 2021, der målet han scora på heil volley på Sør Arena mot Start ennå sit spikra i minnet. Det er god aldersblanding i laget. Keeper Thomas Kinn, med fleire år i Vard er inne i sin tredje sesong.  Dei tre midtstopparane er ikkje så kjente: Trønderen Sondre Skogen har gått gradene i Rosenborg, bergensaren Rasmus Holten har vore i Brann og Sivert Øverby er meir lokal og vore i Hønefoss. Peder Vogt er ny høgre vingback i år.  Han har gått gradene i Stabæk-systemet og spelt for Asker og Bærum.

På midtbanen er det fleire veteranar med lang fartstid i norsk toppfotball å velja mellom. Både Ole Amund Sveen (34), og Martin Ovenstad (30) har vore kaptein denne våren, medan Erik Brenden (30) med mange sesongar i Sandefjord er «still going strong», som det heiter på fotballspråket. Mats Pedersen som kom frå Bodø/Glimt ifjor og scora ettter to minutt heime i serieåpninga mot Raufoss er og ein spennande midtbanespelar. På topp konkurrerer nevnte Conteh med Mathias Bringaker  og ein annan veteran, Kristoffer Tokstad (32) om plassane, der unge Brinder Singh, med scoring mot Vålerenga og kan bli å sjå på banen.  Erik Skistad og svenske Love Reutersward har ikkje vore på banen i år, på grunn av skade.

På tribunen er publikum med, det finns ikke noe bedre å se.
"På tribunen er publikum med, det finns ikke noe bedre å se."

Tidligare oppgjer
Dei to siste åra har begge laga vunne heimekampane sine med 2-1. Robert Undheim scora begge måla på heimebane i 2022, medan Mamadou Diaw gjorde det same i fjor.  Så jevne kampar har ikkje vore det vanlige i kampen mellom laga. I 2016 vann begge laga heimekampane 3-0. På Bryne scora Oddbjørn Skartun alle tre måla, medan dagens jubilant, Sondre Norheim som har spelt 150 A-kampar for Bryne, spela høgre back, og Robert Undheim kom inn som innbyttar.  Bryne har og vunne klart på bortebane, 3-0 i 2013, der Sabri Khattab scora mål og var kampens dominerande spelar.

Bryne
Etter cupsmellen på Nadderud  får vi håpe at laget kjem tilbake i solid form på heimebane, der laget vil visa at det stygge tapet var ei eingongshending, og at det kan scorast mål framføre heimepublikum igjen.  Med seier og godt spel vil det skapa optimisme og ein god inngang til lokaloppgjeret i Sandnes 16.mai. B-gjengen i «full fyr» vil heilt sikkert oppildne laget slik at Bryne Stadion framleis er ein bane der det er vanskelig for motstandarane å ta poeng.

Kjøp billett til kampen her

Abonner på sesongkort

Annonse fra Obos-ligaen: