Molde neste

Kamp om poeng igjen – etter cupsuksessen mot Brann

Molde er våre gjester til ein ny seriekamp i Eliteserien på søndag. Klubben med fem seriegull, det siste i 2022, har i ein lang periode vore heilt i toppen i norsk fotball, med fast deltaking i europacupspel på ulike nivå over lang tid. Romsdalslaget med tilhald på Aker Stadion, har spela meir eller mindre fast på øvste nivå sidan 1974, og har berre vore to sesongar på nivå 2 etter 1984 : I 1994 og 2007, som begge endte med direkte opprykk igjen.

Kjøp billett til kampen her

Laget
Saman med Bodø/Glimt har Molde på papiret den klart største, beste og mest rutinerte stallen i Eliteserien, og etter ein heller poengfattig sesongstart til Molde å vera, er det ikkje lett å spå kva lag vi får sjå på Bryne Stadion på søndag, særlig når fleire av spelarane er eller nettopp har vore skada. Derfor vil det nok også vera fleire ukjende navn på banen, sjøl for dei som følger godt med i norsk  toppfotball.

Som keeper står nok Jakob Karlstrøm, som kom frå Tromsø i 2022, særlig sidan polske Albert Posiadala er skada. Av midtstopparar er det fleire å velja mellom. Eirik Haugan, oppvaksen i Molde, med fortid i Hødd og Østersund, som kom tilbake i 2022, og Isak Amundsen, med fortid i Bodø/Glimt og Tromsø, som kom til klubben i 2024, blir nok truleg valgt. Men Martin Bjørnbak, Casper Øyvann, danske Valdemar Lund og den unge sørafrikanaraen Samukelo Kabini er og gode forsvarsspelarar. På backplassane manglar det ikkje rutine. Martin Linnes på høgre back, tidligare landslagsspelar med seks sesongar i Galatasaray, har for tida ofta kapteinsbindet, og både han og Kristoffer Haugen på venstre back, som starta karriera si i Voll, og kom til Molde i 2018 etter seks år i Viking, er framleis svært viktige for laget.

På midtbanen har klubbveteran Magnus Wolf Eikrem vore skada den siste tida, men to andre veteranar held framleis koken: Eirik Hestad kom til klubben i 2012, og var borte berre i eit kort opphald på Kypros, i Pafos i 2023, og Mads Møller Dæhli med nærare 40 landskampar og opphald i toppklubbar både i England og Tyskland. Danske Mads Enggård, som kom frå Randers i fjor sommar og unge Sondre Granaas (19) som vart henta frå Mjøndalen er og svært aktuelle på midtbanen.

På topp er Fredrik Gulbrandsen tilbake i klubben etter opphald i Salzburg, USA og Tyrkia. Han veit framleis kor målet står. Som svært ung spela han i Lyn i 2010, og var med i kampen på Bryne som Bryne vann 3-1 og seinare vart annulert, då Lyn gjekk konkurs.  Ghanesaren Wolji Abdullai, på lån frå svenske Elfsborg og ikkje minst Kristian Eriksen, ein av lagets store profilar, vert nok og å sjå på banen. Eriksen, frå Løten på Hedmarken har tidligare vore innom fleire av dei same klubbane som vår trenar, Kevin Knappen:  Brumunddal, Elverum og Hamkam.

Klubben har og gode spelarar som Markus Kaasa, Emil Breivik, Johan Bakke, Haldor Stenevik, Veton Bertisha, Gustav Nyheim og Daniel Daga, der fleire av dei har hatt skadeproblem.

Lagets trenar er velkjente Per Mathias Høgmo. Det trengs større plass for å presentera han enn eg har her.

Kort historikk og spelarar som har spela for begge klubbane
Sist laga møttes var i ein 3.rundekamp på Bryne i 2021, der Molde vann 4-1. Andreas Dybevik utlikna til 1-1, men scoringar av to av dagens Molde-spelarar, Wolf Eikrem og Bjørnbak, i tillegg til Rets Grødem og Eirik Ulland Andersen, gjorde at Molde vann fortjent. Jærbuane Robert Undheim og Kristoffer Haugen starta og kampen for kvar sitt lag, medan Sondre Norheim var ubenytta reserve for Bryne og Emil Breivik kom inn som innbyttar for Molde.

Bryne vann den siste seriekampen 2-0 då laga  møttes på Bryne i oktober 2007 i Adeccoligaen. Molde rykka opp etter sitt siste opphald på nivå 2, og Cato Hansen var kampens store spelar med ein scoring og ein målgivande pasning til Marius Helle. 

Desse spelarane har alle spela for både Molde og Bryne:
Hugo Hansen, Knut Dørum Lillebakk, Marcus Andreasson, Tommy Eide Møster, Tommy Høiland, Lasse Strand, Roger Nilsen,  Christian Gauseth, Krister Wemberg, Emil Dahle, Erling Braut Haaland, Magnus Rets Grødem, Markus Eiane og Albert Braut Tjåland. Erik Brakstad har vore trenar for begge klubbane.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Eliteserien: