Ny mulighet mot KFUM

Kan vi endeleg slå KFUM på heimebane?

Vi har aldri slått KFUM på heimebane på seks forsøk. Fire gonger har vi tapt i serien og ein gong i cupkamp, 20.mai i år. Vi tok vårt einaste poeng i 2021 då resultatet vart 1-1. Då er det på tide med seier, og den kan koma på søndag.

Kjøp billett til kampen her

KFUM Oslo som laget heiter, spelar heimekampane sine på Ekeberg, og på kunstgraset der har Bryne gjort det mykje betre. Vi vann 1-0 i 2021 då Joacim Holtan scora seiersmålet på slutten av kampen, og spela uavgjort både i år ( 1-1 ), i 2022 ( 3-3 ) og i PostNord-ligaen i 2018 ( 1-1 ).

Akkurat nå er KFUM formlaget i Eliteserien med 8 kampar utan tap på rad, og har klatra opp på 8.plass på tabellen med 24 poeng etter 16 kampar. Men når det er sagt, er det verdt å minna om at Bryne var det siste laget som tok poeng frå KFUM, i 1-1 kampen på Ekeberg 6.juli, der vi spela med ti mann siste halvtimen.

Barn under 16 år kommer gratis inn på kampen. Bruk promokode "heiabryne" for å hente ut billetter.
Barn under 16 år kommer gratis inn på kampen. Bruk promokode "heiabryne" for å hente ut billetter.

Historikk
Første gongen vi møtte KFUM på Bryne Stadion var 16.mai i 2016, då  Alf Ingve Berntsen nettopp hadde overtatt som trenar for A-laget.  Erling Braut Haaland debuterte frå start, og Jonatan Braut Brunes fekk sin første A-kamp som innbyttar. Men KFUM vann likevel 1-0, i sin første kamp på Jæren nokonsinne. Av dagens spelarar starta Sondre Norheim kampen, medan Robert Undheim kom inn som innbyttar.  To av våre spelarar , Remi Svindland og David Doudou har spela fleire gonger for KFUM mot Bryne.  Doudou var her første gong i 2018 i Post Nord-ligaen og var og kaptein for laget i den einaste kampen Bryne har vunne mot KFUM, på Ekeberg i 2021. Remi scora eitt av måla då KFUM vann 2-1 her i 2022.

Det er ikkje ofte Bryne får utvist spelarar, men mot KFUM har vi fått tre i dei 12 kampane laga har møtt kvarandre. Vegar Landro fekk rødt i det nevnte møtet 16.mai 2016, og i år har Sondre Norheim ( cupkampen ) og Jan de Boer ( seriekampen ) opplevd det same.

Vi går for mer hjemmejubel mot KFUM denne gangen.
Vi går for mer hjemmejubel mot KFUM denne gangen.

Laget
Trenar Johannes Moesgaard overtok etter Jørgen Isnes i 2023, etter fleire sesongar som assistent, og under hans leiing har laget utvikla laget til å bli ein frykta motstandar både på heime- og bortebane. Åtte av spelarane på laget har i yngre år vore innom Skeid i kortare eller lengre tid, og som Bryne er det kollektivet som er lagets styrke.

Av spelarar på laget er klubbveteran Robin Rasch på midtbanen kanskje den mest kjende. Han har bare stått over tre av kampane mot Bryne sidan 2016, begge i år, då han har vore skada.  Keeper Emil Ødegaard med 30 U-landskampar kom til klubben i 2021. I forsvaret spelar Ayoub Aleesami, bror til meir kjende Haitam i Bodø/Glimt,  høgre back. Midtstopparparet er som oftast Mathias Tønnesen (21) og Fredrik Berglie som kom frå Sandefjord i år, og både veteranen Amin Nouri,  Momodou Njie og Daniel Schneider har og spela i forsvarsrekka. Jonas Hjorth kom i 2023,og er ein rask vingback, og unge Joacim Eckbo (18) har og fått prøva seg på norsk toppnivå som midtstoppar.

På midtbanen regjerer Simen Hestnes (29) i Robin Rasch sitt fravær. Han kom til klubben i 2022, etter opphald i Skeid og USA. Sverre Sandal har og vore ute med skade dei siste kampane, og har markert seg sterkt etter at han kom til klubben i 2022. Håkon Hoseth er og ein stødig midtbanepelar som har vore med på heile oppturen sidan han kom i 2020, og Mansour Sinyan med fortid i Lillestrøm, Bærum, Kjelsås og svenske Østersund har og vore med og styrka midtbanen då han kom til klubben i år.

Angrepsspelarar har laget nok av. Dei fleste av dei er både raske og målfarlige. Obilor Okeke har scora seks mål på dei åtte siste kampane. Johannes Nunez og David Hickson, veit og kor målet står, og felles for alle tre er at dei har spela på nivå to i Skeid. I bakhand er Teodor Haltvik, Mame Nor Ndiaye og ikkje minst Bjørn Martin Kristensen som nylig kom frå Aalesund svært habile angrepsspelarar. Vingen Moussa Njie med fortid i Sandefjord, Odd og Partizan Beograd og ungdomstida si i VIF og Stabæk kan og prega kampar på norsk toppnivå.

Annonse fra Eliteserien: