Ny serieleder på besøk

Kan vi slå topplaget Sogndal?

På laurdag er topplaget Sogndal motstandar på Stadion. Det er ikkje lenger sidan enn november i fjor, i siste heimekamp for sesongen, Bryne vann 2-1 i tilsvarande oppgjer og hindra Sogndal å sikra den siste kvalikplassen, som Bryne tilslutt tok. Så sjølv om det er tidlig i sesongen, vil nok begge lag tenkja at dette er ein viktig kamp for å henga med i toppen av tabellen.

Kjøp sesongkort:
Kjøp sesongkort
Abonner på sesongkort

Kjøp billett til kampen mot Sogndal på lørdag:
Kjøp billett til neste hjemmekamp

Jubel på tribunen etter kampen mot Sogndal i fjor.
Jubel på tribunen etter kampen mot Sogndal i fjor.

Tidligare kampar
Vi har møtt Sogndal i alle dei tre sesongane etter vi kom tilbake til OBOS-ligaen. I fjor vart det 2-2 på Fosshaugane etter at Sogndal leia 2-0. Noah Mneney på heading etter corner og Abel Stensrud med ei sein scoring sørga for poengdeling, vår einaste uavgjortkamp på bortebane den sesongen. I den ovanfor nevnte kampen ifjor var det eit sjølmål av Sogndal og eitt mål frå Duarte Moreira som gjorde at Bryne vann 2-1.  I 2022 vart resultatet 3-3 på Bryne der Gunnes, Grønli på straffe og Diaw scora våre mål. I 2021 klarte vi 0-0 i Sogndal, medan Sogndal vann 1-0 på Bryne etter ein scoring av Akor Adams.

Av aktuelle Bryne-spelarar var Andreas Dybevik og Robert Undheim på laget i 2021. Axel Kryger spela for Sogndal. Det same gjorde Per Egil Flo og Andreas Hoven av dagens Sogndalspelarar. Mange spelarar har spela for både Bryne og Sogndal opp gjennom historia. Frå dei siste åra er Axel Kryger alt nevnt. Sixten Jensen, Tord Salte, Kim Rune Hellesund, Kenneth Høie, Ole Hjelmhaug, Bent Apneseth. Rune Medalen, Eivind Karlsbakk og Trond Fylling er andre eg kjem på i farten.

Axel Kryger kjenner godt til Sogndal, men må se kampen fra tribunen grunnet skade. Lars Erik Sødal er klar til kamp.
Axel Kryger kjenner godt til Sogndal, men må se kampen fra tribunen grunnet skade. Lars Erik Sødal er klar til kamp.

Sogndal
Sogndal har dei siste tiåra for det meste vore på nivå to i norsk fotball, avbrote av nokre kortare opphald på øvste nivå. Dagens trenar Tore Andrè Flo var ein av fire Flo-karar som var med i den legendariske kampen sommaren 1993 som Bryne vann 3-2, då Sogndal rykka opp og Bryne kom på 2.plass men tapte i kvaliken. Nå er det berre ein Flo igjen på banen i Sogndal. Kaptein og veteran Per Egil Flo med 5 A-landskampar og utanlandsopphald i Slavia Praha og Lausanne.

Dagens Sogndal-lag, som spelar i eit 3-4-3 system har stilt med det same mannskapet i dei tre siste seriekampane. Det er fleire som er nye i klubben. Keeper Lars Jendal kom frå HamKam, og den unge svenske forsvarsspelaren Felix Eriksson kom på lån frå IFK Gøteborg er to av dei.  I forsvaret spelar elles danske Daniel Arrocha med fortid i Jerv og Mjøndalen og Andreas Hoven som var i Strømsgodset nokre sesongar. Kaptein Flo held seg og mest i dei bakre rekker. 

Bryne jubler over en av scoringene mot Sogndal forrige sesong.
Bryne jubler over en av scoringene mot Sogndal forrige sesong.

Martin Sjølstad med fortid i Kongsvinger er ein solid midtbanespelar og i den lagdelen har han med seg sørlendingen Martin Høyland med fortid i Sarpsborg og Stabæk og unge Jacob Blixt Flaten som kom frå Kjelsås. Begge er nye i år.  På topp spelar nå unge Erik Flataker frå Måløy saman med to andre nye : Svenske Oliver Hintsa som kom frå Falkenberg og den unge nigerianaren Edmund Baidoo. Ein annan unggut, Joakim Nundal  frå Årdal  er og aktuell som spiss, medan ghanesaren Isaac Twum ofte kjem inn på midtbanen som innbyttar.

Begge lag vidare i NM
Bryne gjekk greitt vidare til 3.runde med 7-0 over MK i Mandal. Sogndal, med fem av dei «faste» på laget i OBOS-ligaen frå start, måtte slita meir. 2-2 etter ekstraomgangar mot 3.divisjonslaget Frøya frå Bergen og såvidt vidare etter straffekonk, gjorde at laget kom seg vidare og får møta KFUM heime i neste runde 1.mai, der Bryne skal til Arendal.

Annonse fra Obos-ligaen: