Nye moglegheiter på heimebane

Laurdag kl.15 møter Bryne Arendal på Aarbakkebanen til ny kamp. Etter to poengfattige kampar, jaktar Bryne siger mot Arendal på heimebane.

Heimekampen mot Tiller sist helg enda mållaust. Keeper og kaptein Iselin Evje Rusdal må trekkast fram som kampavgjerande etter fleire solide redningar. Det var òg gledeleg at midtbanespelar Guro Koll Frafjord var tilbake etter ein skade ho fekk i kampen mot Amazon Grimstad 20.august. No ser kaptein Rusdal fram til ny heimekamp på laurdag.

– Me må forvente nok ein tøff kamp mot eit Arendallag som gjorde ting vanskeleg for oss då me spelte borte mot dei i vår. Me har hatt ei god treningsveke, der me har fått øvd meir på det som me tidvis sleit med i kampen mot Tiller. Det blir viktig for oss som lag å slå tilbake frå uavgjort på heimebane sist helg med siger på laurdag.

i-JrJcHXP-X3.jpg
Brynes nummer 1. Foto: Vegard Hanssen

Rusdal trekker òg fram kva som blir viktig i møte med Arendal.

– Eg håpar at laget klarer å stå i det og produsere endå fleire farlege målsjansar. Me må gjere gode vurderingar både som enkeltspelarar og lag og ta smarte val med ball. Framover har det vore litt måltørke dei siste to kampane og forhåpentlegvis losnar det mot Arendal. Er me flinke i viktige fasar av spelet og følgjer kampplanen, har me gode moglegheiter. Me har til tider dominert på heimebane og dette ønskjer me å bruke til vår fordel også i denne kampen.

i-KcRHBhT-X4.jpg
Klar for mer jubel på hjemmebane. Foto: Vegard Hanssen

Sist laga spelte mot kvarandre, enda det med 2-1-siger til Bryne etter scoringar av Sandra Pallesen Nygård og Marthe Christine Johannessen. Bryne ligg framleis på tredjeplass, medan Arendal ligg på sjuandeplass, 11 poeng bak Bryne.

– Eg oppfordrar alle til å ta turen til Aarbakkebanen laurdag kl.15 for å sjå ein svolten gjeng ”fighte” for tre poeng, avsluttar kaptein Rusdal.

Då er invitasjonen gitt! Vel møtt på kamp!

(Det blir sett ut nokre benkar på langsida, men ta gjerne med stol dersom du vil sikre deg ein sitteplass).

Annonse fra Obos-ligaen: