Optimisme mot neste sesong

Bryne FK er klar for en ny sesong i OBOS etter ein solid haustsesong.

2022-sesongen er over. Vi kom på 11.plass i OBOS-ligaen, som vel var omtrent der dei fleste meinte at vi skulle enda opp, då det blei tippa plassering før sesongen starta.

Likevel har dette vore ein sesong med positiv utvikling spelemessig, der vi i tillegg har tatt poeng mot heile 13 av dei 15 laga vi har møtt.

Berre mot Brann og Sandnes/Ulf gjekk vi poenglause av banen i begge kampane. Det er ein god statistikk å ha med seg over i neste sesong.

Treningskampane
I treningskampane i vår møtte vi for det meste lag frå lågare divisjonar, der det vart testa fleire spelarar som skulle passa inn inn i eit nytt 3-4-3- system.

0S6A7802 – Kopi.JPG
Christian Røer i aksjon i stadionåpning mot Jerv.

Vinteren var og for mange av spelarane prega av etterdønningar av korona. Eit møte med Viking i februar, Stjørdals/Blink i Spania, og stadionåpning mot Jerv i mars var det vi hadde av matching mot lag frå toppfotballen, og det viste seg at vi nok ikkje var 100% klare for seriekampar då alvoret tok til i april.

Vårsesongen
Med knepne tap i dei seks første kampane var det turbulent rundt Kevin Knappen.

Men han hadde tru på at det ville snu. Det gjorde det og, etter at det blei gjort ein liten endring i lagformasjonen til 3-5-2 og nokre interne rokeringar i forsvaret.

Vi slo Åsane på heimebane, og smått om senn fekk vi litt avstand til dei direkte nedrykksplassane på tabellen, der vi vann viktige kampar på bortebane mot Skeid og Stjørdals/Blink.

0S6A1128.JPG
Jubel i grønne drakter på heimebane etter scoring mot Åsane. 

Gryande haustform
Mange var likevel ikkje nøgde med spelet vi viste, spesielt på heimebane, og pessimistane fekk «vann på mølla» då vi tapte 0-6 mot Start på Sør Arena tidlig i august, eit lag vi hadde vunne alle dei tre tidlegare oppgjera mot etter opprykket.

Men det viste seg at dette i staden skulle bli starten på ei rekke med seks seriekampar utan tap, og avansement i cupen til 4.runde neste vår, der vi slo Tromsdalen 1-0 på bortebane.

Sterke bortepoeng mot Ranheim, Stabæk og KFUM i tillegg til storsigeren på heimebane med 5-0 over Raufoss, viste at laget og kunne spela underhaldande angrepsfotball.

0S6A7283.JPG
Robert Undheim jubler for scoring mot Raufoss.

Sesongavslutninga
Dei to sure tapa mot Skeid og Sandnes/Ulf på heimebane blei oppvegd av to sterke trepoengarar  mot Fredrikstad og Åsane, der våre trufaste bortesupporterar med B-gjengen i spissen fekk gode opplevingar med flotte scoringar og eit Brynelag i haustform.

Eit publikumstal på over 1900 i siste heimekampen mot Sandnes/Ulf, gjorde at gjennomsnittstalet på heimebane for heile sesongen såvidt blei firesifra.

Spelartroppen
På keeperplassen har det stadig vore skadar på både Igor Spiridonov og innlånte Elias Hadaya slik at dei har skifta på å stå, og enda opp med omlag like mange kampar kvar.

Sondre Norheim har vore bautaen i midtforsvaret. Han kom på Årets lag i OBOS-ligaen, kåra av sportsjournalistane i Eurosport, og fekk i tillegg Pensjonistprisen, kåra av pensjonistgruppa i klubben.

0S6A2563.JPG

Axel Kryger og Jørgen Hatlehol kom ny til klubben i sommar, har spela fast i haust og bidratt sterkt til spelemessig framgang. Bjarne Langeland og Christian Røer, som var uheldig å brekke foten seint i haust, har begge spela dei fleste kampane.

På midtbanen har Andreas Dybevik, som den einaste i stallen, vore på banen i alle 30 kampane.

Kaptein Henning Romslo har hatt den sentrale midtbaneplassen, som ifjor, sjølv om systemet har endra seg frå 4-3-3 til 3-5-2.

Sigurd Grønli og Robert Undheim har i haust funne oppskrifta på korleis det skal scorast mål i etablert spel. Robert blei toppscorar i serien med 10 mål, og fekk prisen som Årets spelar frå B-gjengen. Sigurd har storspelt med målgjevande pasningar og straffespark som spesialitet, og blei kåra til Årets spelar av supporterklubben Bædi.

Spissen Arne Gunnes fekk ein hovudskade i siste kamp før seriestart, men bidro likevel sterkt med viktige scoringar, særlig i første del av sesongen.

0S6A1195.JPG
Sjur Jonassen og bøttehattgjengen ser fram mot 2023-sesongen.

Framgang og optimisme
Fotball er eit lagspel, og på treningane har heile troppen bidratt for at laget skal stå best mulig rusta til kamp.

13 andre spelarar, i tillegg til dei 12 ovanfor nevnte, har vore på banen i seriekampar, og vore med på å kvalifisera Bryne til ein ny sesong i OBOS-ligaen.

Med den framgangen laget har hatt i haustsesongen, er det stor grunn til optimisme når vi skriv 2023, med kontinuitet på trenarsida og store delar av troppen intakt.

Kevin Knappen og resten av trenarteamet har saman med spelargruppa skapt sportslig framgang og utvikling, slik at det er grunn til å håpa at publikumsframmøtet til kampane og interessa for klubben blir endå større neste sesong.

Annonse fra Obos-ligaen:
Publisert: 02.11.2022, oppdatert: 03.11.2022
Skrevet av: Geir Magnus Sandve