Ranheim på besøk i andre strake heimekamp

La oss forlenga festen frå helga med Jærnåttå og Jærdagen, med å koma på Stadion i kveld og sjå eit Brynelag som som kjempar i toppen av tabellen, og er 100% innstilte på å forlenga suksessen frå Aalesund-kampen med å scora mål og vinna kampen.

Både Bryne og Ranheim vann kampane sine i sist serierunde, begge på heimebane mot nedrykkslag frå Eliteserien i fjor. Ranheim vann 3-0  mot Stabæk, medan vi slo Aalesund 2-0. Når så begge lag har tatt dei fleste poenga sine heime, vil nok mange rekna Bryne som favoritt, sidan vi og har 5 poeng meir enn motstandaren på tabellen.

Kjøp billett til Bryne - Ranheim

Historikk
Vi har møtt Ranheim i alle tre sesongane sidan vi kom tilbake til OBOS-ligaen i 2021, og dei to siste åra har det vore fire jamne kampar. Ifjor avgjorde Daniel Hermansson kampen for oss på heimebane heilt på slutten med sin einaste scoring for sesongen då vi vann 1-0.

Daniel Hermansson scoret kampens eneste mål mot Ranheim i fjor.
Daniel Hermansson scoret kampens eneste mål mot Ranheim i fjor.

Bortekampen tapte vi 1-2 der Abel Stensrud scora for oss, medan Arne Gunnes, utlånt  Brynespelar, scora seiersmålet for Ranheim. Arne Gunnes scora og i heimeoppgjeret mellom laga på Bryne i 2022, då vi også tapte 1-2, men då scora han for Bryne. Robert Undheim har og scora to gonger i kampar mellom laga, i 1-1-bortekampen i 2022 og i 5-2-seieren på heimebane i 2021. Han var ikkje med i den avgjerande bortekampen hausten 2021, då vi vann 4-2 og sikra ny kontrakt, men Igor Spiridonov, Pål Aamodt, Sondre Norheim og Andreas Dybevik var med frå årets A-stall.

Går vi enda lenger tilbake i tid, til 2016, var det i bortetapet 0-1 mot Ranheim 12. mai, Erling Braut Haaland fekk sin debut i norsk toppfotball i det mykje omtalte innbyttet for Robert Undheim. Den kampen vart og Gaute Larsen sin siste som Bryne-trenar. Det er ikkje mange spelarar som var på banen for sine klubbar i den kampen, som ennå er aktive i same klubb i dag. Men Sondre Norheim starta kampen for Bryne, fekk gult kort og vart bytta med Pål Aamodt.

0S6A1868.jpg
Arne Gunnes takker Robert Undheim for kampen i fjor.

Årets Ranheim-lag
Ranheim har så langt skaffa seg 10 poeng i årets OBOS-liga., men berre tre av poenga er tatt på bortebane, i uavgjortkampar mot Lyn (1-1), Start (0-0) og Levanger (2-2).

I mål står Simen Nilsen, som er ny i år, og har «forvist» ein gammal Bryne-kjenning, Nicklas Frenderup, til benken. Nilsen har bakgrunn frå Sarpsborg 08 og ein sesong i Skeid. I forsvaret er det mykje nytt. Philip Slørdahl har gått gradene i  Lillestrøm, Nikolai Skuseth i Molde og Sander Haugen har tre år i Viking-akademiet. Fjerdemann er velkjente Erik Tønne med lang karriere i norsk toppfotball, der han i yngre år spelte i ein meir offensiv rolle.

På midtbanen regjerer kaptein Per Ciljan Skjelbreid som snart fyller 37 år, med A-landskampar, Champions League-kampar for Rosenborg og ni sesongar i Bundesliga. Han har med seg ein annan med god erfaring, Jakob Tromsdal, som kom til Ranheim i 2017. Tredjemann på midtbanen er Yong Yong Hou, som har scora 5 mål i serien i år, og kom tilbake til Trøndelag i 2023 etter eit par år i Stabæk.

På topp har danske Gustav Mogensen 38 u-landskampar på ulike alderstrinn. Han kom ny i år etter ein sesong i Hødd og eit par sesongar i Sarpsborg 08. Dei unge trønderane Dennis Gaustad, Mikael Johnsen og Vetle Venaas har fleire kampar i år, og konkurrerer med dei meir etablerte Sivert Solli og ikkje minst Bendik Bye, lagets toppscorar med 7 mål om spissplassar på laget.

Den mest kjente trønderen som blir å sjå på Stadion er nok likevel lagets trenar Kåre Ingebrigtsen, som har vore med på mykje i fotballen sidan han debuterte som spelar for Rosenborg i 1985. Skal ein få med alt, må det skrivast bok!

Kjøp billett til Bryne - Ranheim

Annonse fra Obos-ligaen: