
Revansjesugent lag klar for kamp
Eit Bryne-lag i haustform er klar for årets høgdepunkt på heimebane.
Endeleg, i sesongens siste kamp, får vi sjansen til å revansjera det sure tapet i åpningskampen på Østerhus Arena.
Lokaloppgjer med publikumsrekord?
Som det einaste laget vi ikkje har tatt poeng mot av laga vi har møtt i begge sesongane i OBOS-ligaen etter opprykket i 2020, vil det smaka ekstra godt å slå naboane på heimebane med masse folk på tribunane. Uansett tabellplassering betyr det mykje å vinna ein slik kamp, og vi håper på publikums-årsrekord med over 2000 på tribunane.
Haustform
Med tre sigrar på rad og berre eitt tap på dei siste 11 kampane, er Bryne verkeleg i haustform, der Sigurd Grønli og Robert Undheim har funne oppskrifta på korleis det skal scorast mål i etablert spel. Robert har scora 9 mål på dei 10 siste kampane, medrekna cupscoringa i Tromsdalen, og er nå toppscorar i laget. Sigurd har storspelt med målgjevande pasningar som spesialitet. Og heile laget er i form. Åsane vart rundspelt i 1.omgang på Åsane Arena, der sjansestatistikken var 15-0 til Bryne. Med slike tal får ein håpa at dei andre på laget har spart scoringane til avslutningskampen på heimebane.
Sandnes Ulf gode på bortebane
Sandnes Ulf ligg på 6.plass, som gir kvalifiseringskamp for opprykk til Eliteserien, og er nok svært oppteken av å halda på denne plassen. Og med tre poeng er plassen sikra. På bortebane har laget vunne 8 kampar denne sesongen, berre Brann og Stabæk er betre. Men det har og vorte tap borte i haust, 1-4 mot Mjøndalen og 1-3 mot Kongsvinger imponerer ingen .
Laget har mange gode spelarar. Aslak Falch er tilbake i mål etter at unge Sander Lønning har stått fleire kampar i haust. To av spelarane kan nok ikkje berre forventa applaus om dei kjem på banen. Kristoffer Hay og Tommy Høiland med fortid i Bryne vil nok merka det. Og kvalikeksperten Martin Ramsland og dei lokale angrepsspelarane Jostein Ekeland og Ingvald Halgunset har alle scora mot Bryne før.
Sesongavslutning
I årets siste heimekamp skal det delast ut prisar for årets spelar og toppscorar både frå B-gjengen og Bædi. Det er fleire gode kandidatar. I tillegg får Bjarne Langeland blomar, sidan han spela sin A-kamp nr 200 mot Åsane. Gratulerer til han, som har spela sju sesongar i klubben.
2022 har vore ein spesiell sesong. Aldri har sesonginnleiinga vore dårligare, med seks strake tap, der ein må tilbake til 1994 for å finna noko liknande. Og med seier mot Sandnes Ulf vert det berre eitt tap på dei siste 12 kampane og fire strake på slutten. Ein må tilbake til opprykkssesongen i 1999, for å finna noko tilsvarande.
Til slutt Takk til alle som har møtt fram og støtta oss på heime- og bortebane i år.
Sikra deg sesongkort til neste sesong her. Fram til måndag 31. oktober får du sesongkort for 2023 til same pris som i 2022.