Rogvi legger opp

Rogvi Baldvinsson har bestemt seg for å avslutta ei lang og innhaldsrik fotballkarriere.

Karriera starta i Ålgård, der han alt som 20-åring vart kaptein på A-laget, og med færøyisk statsborgarskap alt i 2011, året etter, debuterte for A-landslaget. I 2012 hadde han eit kort opphald i Bristol Rovers i England, før han vart henta til Bryne av Gaute Larsen før 2013-sesongen.

Han scora sitt første mål for klubben borte mot Kristiansund, i ein 2-2 kamp i dåverande Adeccoligaen. Men sjølv om han spela 22 seriekampar, og var med på å slå Viking ut av cupen,  vart det ikkje ny kontrakt, og karriera fortsette i Ålgård. I 2015/16 hadde han eit kort opphald i  danske Fredericia, før han i 2016-sesongen spela for Vidar, der han fekk vera med på å slå Bryne ut av cupen.

0S6A8070.jpg
Rogvi Baldvinsson tok ansvar mot Rosseland i cupen tidligere i sesongen da han sendte avgårder en suser som ble matchvinnerscoringen. Foto: Svenn Olav Sele

Året etter var han tilbake i Bryne, etter nedrykket til 2.divisjon. Han var framleis landslagsspelar, og har vore ei viktig brikke i spelargruppa vår sidan då, både i medgang og motgang.

Han var skada i 2018, då Viking og Sandnes Ulf vart slått i cupen, men bidro sterkt til opprykket i 2020, sjølv om han også den sesongen hadde eit lengre skadeopphald. Dei mange skadeopphalda er nå hovedgrunnen til at Rogvi gir seg, sjølv om han i år fekk vera med på 23 seriekampar.

Som landslagsspelar stoppa det på 53 A-landskampar for Færøyene, der han mellom anna fekk oppleva å scora i bortekamp mot Portugal med Cristiano Ronaldo på banen. Han har og spela A-landskamp mot Norge. I oppgjeret i haust var han TV2-ekspert då laga møttest til privatlandskamp på Ullevål.

_A1V8484-ARW_DxO_DeepPRIMEXD.jpg
En lang karriere i Brynedrakten er over for Rogvi Baldvinsson. Foto: Vegard Hanssen

Når Rogvi nå gir seg, har han spela totalt 220 A-kampar for klubben, inkludert 153 seriekampar. Han har scora 12 mål, derav 6 seriemål. Den siste scoringa kom i cupkampen mot Rosseland denne sesongen.  Gjennom karriera i Bryne har han blitt brukt som venstre back, sentral midtbanespelar og midtstoppar, og har alltid vore ein leiartype, både på og utanfor banen. Dei siste sesongane har han vore ein del av kapteinsteamet, og  med 8 sesongar i klubben er det nå ein klubblegende som gir seg.

Annonse fra Obos-ligaen: