Sandefjord heime

Etter seieren mot Fredrikstad er det klart for ny seriekamp på heimebane. Kom på kamp søndag for å sjå om Bryne kan ta sin tredje strake seier i Eliteserien, når Sandefjord kjem på besøk.

Sandefjord Fotball
Klubben vart stifta i 1998 etter at klubbane Runar og Sandefjord BK gjekk saman om å satsa på å få til eit topplag i fotball, der Sandefjord  på den tida var meir kjent som håndballbyen her i landet. Og det gjekk ikkje så lenge før det lukkast. Det vart raskt opprykk til 1.divisjon, og etter to kvaliktap, i 2002 og 2003, vart det opprykk til Eliteserien i 2005. Klubbens nåverande svenske hovedtrenar Andreas Tegstrøm, som då var ein målfarlig spiss, sikra opprykket med tre mål i siste avgjerande bortekamp mot Moss.

Kjøp billett til kampen her

I 2006 var laget i cupfinalen og tapte mot Fredrikstad, og det vart bygd ny Stadion (Komplett.no Arena som nå heiter Jotun Arena) året etter. I åra som fulgte vart det stadige nedrykk og opprykk mellom dei to øvste divisjonane, før laget frå 2020 har hatt fast opphald i Eliteserien, etter at ekspertane stort sett har tippa laget til nedrykk kvart einaste år.

Vi håper på enda mer Brynejubel på søndag.
Vi håper på enda mer Brynejubel på søndag. Foto: Svenn Olav Sele

Trenarar og spelartropp
Klubbens trenar, Andreas Tegstrøm, har trent laget saman med Hans Erik Ødegaard sidan 2021, før han overtok hovedansvaret aleine denne sesongen, og fekk med seg Levanger-trenar Per Verner Rønning som assistent.

Spelargruppa er ei god blanding av norske og utanlandske unge spelarar, saman med spelarar som har hatt nokre år på nivå to og tre før dei har utvikla seg til toppspelarar i klubben dei siste sesongane.

Keeper Elias Hadaya kjenner vi frå tida i Bryne i 2022. Svensken med syriske aner, er nå landslagskeeper for Syria. Den unge svensken Zinedin Smaljovic, med ein sesong i italienske Lecce, dannar midtstoppar par saman med Stian Kristiansen frå Brønnøysund som har gått gradene i Bodø/Glimt og kom til Sandefjord ifjor. På venstreback spelar Christopher Cheng, som var på prøvespel i Bryne i 2022, og fekk ein treningskamp. Han gjekk gradene i Stabæk, og har vore i Notodden, Strømmen og Arendal. Fredrik Pedersen har og vore i Notodden, og var i Lillestøm og Strømsgodset i ungdomsåra.

På midtbanen i eit 4-3-3-system er den svenske kapteinen Filip Ottosson sentral og eldstemann på laget med sine 28 år, medan Oslogutten Marcus Melchior og Sander Mørk frå eigne rekker for det meste spelar indreløparar. På topp får vi ikkje sjå den islandske toppscoraren Stafan Ingi Sigurdasson ( 5 mål i Eliteserien i år) sidan han vart utvist og fekk tre kampar karantene etter kampen mot Viking 16.mai. Men svenske Daniel Tibell, belgieren Evan Patoulidis og ikkje minst Jakob Dunsby med fleire sesongar i Egersund, er alle tre raske og målfarlige spissar. Dunsby er ein lokal spelar som kom tilbake til klubben i 2023 etter opphaldet i EIK. Dei lokale unggutane Vetle Walle Egeli, Filip Loftesnes Bjune, Bendik Berntsen og Jakob Swift kan og bli å sjå på banen på søndag. Backen Aleksander van der Spa som gjekk gradene i Bodø/Glimt og den svenske spissen Elias Jemal er nok og med til Bryne.

Årets sesong og  tidligare oppgjer
Sandefjord ligg på 5.plass med 15 poeng, etter å ha vunne alle fire heimekampane, mot Molde, Hamkam, Vålerenga og Strømsgodset, men berre teke ein borteseier, mot Tromsø ( 1-0 ).

Dei tre tapa på bortebane, mot KFUM, Fredrikstad og Viking har alle enda 1-3.

Sandefjord har hatt eit godt tak på Bryne, og sist Bryne vann ein kamp var på heimebane, var i 2011 då Kai Risholt og innbyttar Geir Dahle Høyland scora måla. I heimetapet i 2013 (1-2) spela Jon Helge Tveita for Bryne, medan den einaste spelaren, utanom nevnte Hadaya, som har spelt for begge klubbane, Cato Hansen, spela for Sandefjord. I det siste oppgjeret mellom laga på Bryne, i 2016, vann Sandefjord 2-0 og både Erling Braut Haaland og Magnus Rets Grødem vart bytta ut, medan både Robert Undheim og Sondre Norheim kom inn som innbyttarar i returoppgjeret.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Eliteserien: