Serieopning på heimebane mot Kongsvinger

Mandag er det klart for årets første seriekamp! Geir Magnus Sandve har skreve litt om korleis oppkjøringa har vore og litt historie i forhold til tidlegare år.

Andre påskedag er det endeleg klart for første seriekamp i 2023. Dette har vi gleda oss til lenge. Etter tre månader med trening- og treningskampar, kan endeleg spelarane entra den grøne grasmatta vår til kamp om poeng.

I vinter har laget spela ni treningskampar, mot lag frå ulike nivå. (Cupkampen mot Stabæk er ikkje medrekna her, sia den høyrde til NM  2022). Vi har brukt 24 spelarar på desse 9 kampane og scora 14 mål. Mot lag frå vår liga har vi vunne to, spela to uavgjort og tapt ein. Det er dei harde fakta, men no startar vi med null poeng og ligg (alfabetisk) på toppen av tabellen.

På heimebane er det åtte år sidan vi vann ei serieopning i OBOS-ligaen. 6.april 2015 vann vi  2-1 mot Nest-Sotra med blant anna profilar i norsk toppfotball som Anders Kristiansen, Marius Lode, Jon Helge Tveita og Viljar Vevatne på laget. Dei to sistnemnte scora måla. Ein av dagens spelarar starta og kampen, Robert Undheim. La oss håpa at han kan vera med å bidra til at Bryne igjen kan vinna ei serieopning på heimebane. Det hadde og vore fantastisk om publikumstalet kunne nå opp mot talet i 2015: 1605.

Vi har henta inn fleire nye spelarar til denne sesongen, som alle har fått vist seg fram i treningskampane. Men dei fleste av spelarane som avslutta 2022 med ein god haustsesong, er på plass, og nokre av dei har også fått nye draktnummer.

 Dagens motstandar, Kongsvinger, var vel det laget vi kanskje fekk dei suraste poengtapa mot i fjor. Keeperen deira utlikna til 1-1 fem minutt på overtid, etter ein feilaktig idømt corner i heimekampen, medan vi mista 1 poeng på Gjemselund på eit uheldig sjølvmål to minutt før slutt. Men det er dette vi skal revansjera no. Det blir nok ikkje utan hard kamp, for Kongsvinger tapte berre 1-2 mot Rosenborg i sin siste treningskamp, etter å ha leda 1-0.

I fjor var laget i kvalifisering til eliteserien. Etter seier mot Sandnes/Ulf, KFUM og Start, alle på bortebane, vart det tap over to kampar mot Sandefjord, og dermed fortsett spel i OBOS-ligaen. Laget har mange kjente spelarar. For vårt publikum er vel Joacim Holtan han vi kjenner best til. Men Victor Grodås, Vegard Moberg, den svenske keeperen August Strømberg og kanskje ikkje minst Harald Holter på sentral midtbane er og kjente fotballnamn.

Kom på Stadion 2.påskedag kl. 15.00 og ver med å heia Bryne fram til seier 

                        Her er ein oversikt over treningskampane vinteren  2023:           

Dato

Motstandar

Bane

Resultat

Scoringar

27.01.2023

Mandals

Aarbakke

5 – 1

Gunnes 4, Saunes

04.02.2023

Sandnes/Ulf

Aarbakke

3 – 0

Undheim, Saunes, Årsvoll

11.02.2023

Haugesund

Karmøy Storhall

0 – 2

 

16.02.2023

Viking

Aarbakke

0 – 2

 

26.02.2023

Hødd

Marbella

1 – 0

Kryger

05.03.2023

Honka

Marbella

2 – 2

Gunnes, Grønli (str.)

18.03.2023

Start

Sør Arena

0 – 2

 

25.03.2023

Jerv

Lyngdal

1 – 1

Saunes

03.04.2023

Åsane

Stord

2 – 2

Husebø, Hatlehol

Annonse fra Eliteserien: