Siste heimekamp

Vi vil avslutte med seier.

På søndag er Sogndal motstandar på Stadion i sesongens siste heimekamp. Begge lag har mykje å spela for. Sogndal kan sikra seg kvalikplass med seier, medan vi framleis held liv i håpet om 6.plass, med tre poeng.

Med vår sterke heimestatistikk, der berre Start, Fredrikstad og KFUM er betre enn oss, er det fullt mulig å ta vår niande seier på vårt eige gras mot ein motstandar som satsar hardt for å koma seg opp i Eliteserien. Vi har berre slept inn 11 mål heime. Opprykksklare Fredrikstad er einaste laget som er betre enn oss med 9.

0S6A68577.jpg

Tidligare kampar
Vi har møtt Sogndal i alle dei tre sesongane etter vi kom tilbake til OBOS-ligaen. I vår vart det 2-2 på Fosshaugane etter at Sogndal leia 2-0. Noah Mneney på heading etter corner og Abel Stensrud med ei sein scoring sørga for poengdeling, vår einaste uavgjortkamp på bortebane denne sesongen. I 2022 vart resultatet 3-3 på Bryne der Gunnes, Grønli på straffe og Diaw scora våre mål. I 2021 klarte vi 0-0 i Sogndal, medan Sogndal vann 1-0 på Bryne etter ein scoring av Akor Adams.

Ein kuriositet frå den kampen : Eivind Bodding frå Haga på Romerike dømte , som han og gjorde på Sør Arena på søndag. Og denne søndagen er det broren Anders Bodding som er tatt ut til å blåsa i fløyta.

I heimekampen i 2021 var Igor Spiridonov, Pål Aamodt, Rogvi Baldvinsson, Andreas Dybevik og Robert Undheim på laget, medan Oliver Rotihaug og Tobias Guddal kom inn som innbyttarar. Axel Kryger spela for Sogndal. Det same gjorde keeper Renze Fij. Per Egil Flo, Andreas Hoven og Endre Kupen av dagens Sogndalspelarar.

0S6A58355.jpg

Dersom vi går tilbake til sist periode Bryne var på nivå to og møtte Sogndal, er vi i 2015. Frå dei to kampane den sesongen er det berre vår kaptein Robert Undheim som er igjen i dei to klubbane i dag. Han kom inn som innbyttar i begge kampane.

Mange spelarar har spela for både Bryne og Sogndal opp gjennom historien. Frå dei siste åra er Axel Kryger alt nevnt. Sixten Jensen, Tord Salte, Kim Rune Hellesund, Kenneth Høie, Ole Hjelmhaug, Bent Apneseth. Rune Medalen, Eivind Karlsbakk og Trond Fylling er andre eg kjem på i farten.

Sogndal
Sogndal har dei siste tiåra for det meste vore på nivå to i norsk fotball, avbrote av nokre kortare opphald på øvste nivå. Dagens trenar Tore Andrè Flo var ein av fire Flo-karar som var med i den legendariske kampen sommaren 1993 som Bryne vann 3-2, då Sogndal rykka opp og Bryne kom på 2.plass men tapte i kvaliken.

På dagens Sogndal-lag er det samla spelarar med erfaring frå mange ulike klubbar rundt i landet. I forsvaret har danske Daniel Arocha spela i Jerv og Mjøndalen, Andreas Hoven i Strømsgodset, Martin Sjølstad i Kongsvinger, Andreas Van der Spa i Bodø/Glimt og Mansour Gueye i KFUM og Strømmen. På midtbanen har Kasper Skaanes vore i Brann, Kristoffer Nessø i Raufoss og Kristoffer Steinset i Florø. Islendingane Oskar Borgthorsson og Jonatan Ingi Jonsson, dei lokale unggutane Sondre Ørjasæter, Erik Flataker og Joakim Nundal er saman med veteranen Endre Kupen blant dei offensive spelarane i troppen. Av utanlandske spelarar er nok keeper Renze Fij frå Nederland og Isaac Twum frå Ghana på midtbanen dei mest kjende, medan Per Egil Flo med 5 A-landskampar og utanlandsopphald i Slavia Praha og Lausanne er troppens veteran.

Bryne har pr dato eit skadefritt mannskap og ingen i karantene, men det blir nok ikkje endringar på laget som tapte 0-2 mot Start likevel. Både B-gjengen og Bædi kjem til å kåra årets spelar, så det er berre å møta i god tid til kampen som startar kl. 15.00 på søndag.

Annonse fra Eliteserien: