
Spår målrik kamp mot RBK
Søndag kl.15 speler Bryne mot Rosenborg 2 for å kjempe om tre nye poeng.
Etter eit skuffande 4-1-tap i Molde sist helg, fortel trenar Pål Stian Eriksen om ei spelargruppe som er revansjelysten og klar for ny kamp.
– Eit av kjenneteikna våre er at me er gode på å slå tilbake etter nederlag og eg har veldig god tru på at me skal slå tilbake igjen. Eg synest at spelargruppa har respondert svært godt denne treningsveka. Prosessen me står i når me først får ein karamell i Molde er ekstremt viktig for å vidareutvikle oss som lag.

Eriksen trekk fram at laget har scora tre spelemål mot Molde over to kampar, medan Molde har scora eitt. Dessverre vinn Molde dødballstatistikken 5-0, etter to dødballscoringar i august og tre sist helg.
– Å sleppe inn 5 dødballmål over to kampar er sjølvsagt ikkje bra nok, men me skal ta konsekvensen av det og arbeide oss gjennom ein prosess. Eg har tru på at den prosessen kan vere den mest lærerike prosessen me har hatt i heile år, og eg håpar me kan sjå spor av det mot Rosenborg 2.
Eriksen vil karakterisere Rosenborg 2 som eit positivt lag som ønskjer å spele fotball.
– Me møter eit av dei mest spelande laga i ligaen. Dei er òg godt strukturerte og profesjonelle. Det er likevel eit ungt lag som eg håpar me kan straffe dersom me klarer å spele vårt spel.
Sjølv om det første oppgjeret mellom laga i vår enda 0-0, var det langt frå ein sjansefattig kamp. Eriksen spår at kampen på søndag nok ein gong kjem til å innehalde målsjansar.
– Eg tippar det blir ein kamp med mål i, og forhåpentlegvis blir det fleire mål til Bryne enn til Rosenborg. Eg forventar ein kamp mellom to lag som ønskjer å ta tak i kampen.

Før kampen er Bryne nummer fire på tabellen med 39 poeng, medan Rosenborg 2 ligg 11 poeng bak på ein sjetteplass.
Vel møtt til ein spennande kamp på Aarbakkebanen kl.15 på søndag!
(Det blir sett ut nokre benkar på langsida, men ta gjerne med stol dersom du vil sikre deg ein sitteplass).