Spennande returoppgjer på heimebane

Søndag kl.13 møter Bryne Trondheimslaget Tiller på Aarbakkebanen.

Etter 1-0-tapet sist helg mot Avaldsnes 2, er trenar Pål Stian Eriksen optimistisk før heimekampen mot Tiller søndag.

– Me forventar at me er tilbake der me har vore fleire gonger i år. Ser me igjen dei tinga me trener og har fokus på, i tillegg til jærsk drivkraft, er det få som vil møte Bryne. Me har sett fin utvikling i enkeltomgangar etter sommaren. No går me får å sette saman to gode omgangar. Me er førebudde og klare.

i-xQ7jpXS-X3.jpg
Pål-Stian Eriksen vil se enda mer jærsk drivkraft på banen.

Eriksen trekker òg fram kva som gjekk galt i tapet sist helg, og går no for å slå tilbake.

– Me mangla nokre prosent på det som er viktigast i fotball; energi og vilje. Me fekk tidvis avstandar offensivt og defensivt som skapte ubalanse. Ein konsekvens av det blei at me altfor ofte blei individ i staden for lag. Me har òg vore i gjennom vår tyngste periode fysisk, og det kan ha sett preg på utfallet av kampen. Det fine med fotballen er at ein kan lære av kampar og tap, noko som kanskje har vore den største styrken til våre kvinner i Bryne som veldig ofte slår tilbake etter nederlag.

i-njWTXcf.jpg
Oline Øfsteng scora mot Tiller i Trondheim.

Det er berre 2,5 veker sidan laga møttest sist. Det første oppgjeret mellom laga skulle opphaveleg blitt spelt 30.april, men blei avlyst på grunn av snøvêr. Dermed blei kampen fastsett til 23.august, ein kamp Bryne vann 0-1 på bortebane i Trondheim. Det blei ein slitesiger som inneheldt mykje kriging og tidvis høg temperatur. Midtbanespelar Oline Øfsteng, som sette inn 0-1-målet på eit langskot, oppsummerer det førre oppgjeret slik:

– Kampen mot Tiller sist var jamn, men ein kamp der me hadde god energi og lagmoral. Me jobba for kvarandre og dette resulterte i ein fortent 0-1-siger.

Øfsteng ser fram til eit nytt oppgjer på søndag.

– Me er klare for å gi alt for å få med oss tre poeng, og gler oss til å spele mot Tiller igjen.

Tiller ligg på femteplass, to poeng bak Bryne på tredjeplass. Det er derfor ein kamp som betyr mykje for begge lag.

i-NPS3fR7-X4.jpg
Laget er klar til å gå ut på banen for ny kamp på Aarbakkebanen på søndag.

Vel møtt til ein spennande kamp på Aarbakkebanen kl.13 på søndag!

(Det blir sett ut nokre benkar på langsida, men ta gjerne med stol dersom du vil sikre deg ein sitteplass).

Annonse fra Obos-ligaen: