Fem spillere takker for seg

Disse spillerene er på vei ut dørene på Bryne stadion. Vi takker for innsatsen i rødt og hvitt og ønsker lykke til videre.

Oliver Rotihaug
Nordfjordingen hadde tre sesonger i Branns ungdomsakademi, landskamper for U-15 og U-16 og spel i OBOS-ligaen med Florø då han vart henta til Bryne før sesongen 2020. Han fekk ein spesiell start på karrieren i Bryne, med utvisning i første treningskamp mot Sotra i Karmøy Storhall og scora Brynes siste mål før coronanedstenginga mot Staal i Loen på Nærbø.

0S6A4657.jpg
Rotihaug feiring scoringen mot Start på Bryne stadion tidligere i år. Foto: Svenn Olav Sele

I dei fire sesongane Oliver har vore i klubben har han bidratt sterkt med sin oppofrande spelestil, både som back, vingback og offensiv kant både på høgre og venstresida. Han fekk med seg opprykket i 2020 som høgdepunkt, og scora eitt seriemål i kvar sesong.

Oliver var og svært delaktig i den avgjerande 4-2 seieren i bortekampen mot Ranheim hausten 2021 der han scora og var vår bestemann då kontrakten i Obos-ligaen var sikra. I år hugsar vi susaren mot Start på heimebane i vår. På tross av fleire mindre skadeopphald har han fått med seg 78 seriekampar for klubben og tilsaman 111 kampar.

Sosialt har han bidratt som botsjef i gruppa og alltid stilt med 100% engasjement på banen, også som innbyttar på A-laget og på rekruttlaget saman med juniorane på Bryne 2. 

Daniel Hermansson
Svensken kom til Bryne like før sesongstart i 2022 frå Västerås i Superettan. Han gjekk rett inn på laget, og spela dei fleste kampane som høgre- eller venstre vingback. Høgdepunktet hans var scoringa hans i den viktige borteseieren mot Skeid.  Han vart likevel lånt ut til Jønkøping Sødra heile haustsesongen.

0S6A2004.jpg
Daniel Hermansson takker for seg. Foto: Svenn Olav Sele

Tilbake i Bryne i vinter vart det lite speletid, men han fekk ein liten opptur med den seine scoringa mot Ranheim på seinsommaren, der resten av laget sleit med å finna nettmaskene. Daniel har og bidratt på Bryne 2 denne sesongen med innsats og engasjement. Han fekk 23 seriekampar og tilsaman 33 A-kampar for Bryne.

Paul Endre Ullenes
Paul Endre vart tatt opp i A-stallen frå eigen juniorgruppe vinteren 2022. og med bakgrunn som spelande midtstoppar, fekk han og sjansen som vingback i fleire treningskampar. Med blant anna to mål mot Vidar fekk han sjansen som innbyttar i første seriekamp borte mot Sandnes/Ulf og var nær ved utlikning med skot i tverrliggaren.

_A1V3312-ARW_DxO_DeepPRIMEXD.jpg
Paul Endre Ullenes gir seg i Bryne. Foto: Vegard Hanssen

Men formen var ikkje på topp, og utover våren vart han gradvis ramma av sjukdom slik at han ikkje klarte trena, og heller ikkje spela kampar for Bryne 2. Heile resten av sesongen var han ute, og ikkje før hausten 2023 var han skikkelig tilbake med forsiktig opptrening. Gradvis vart speletida på Bryne 2 auka, og han avslutta sesongen med fire heile kampar som midtstoppar, der ein kunne sjå kvifor han vart tatt opp i A-stallen nesten to år tidligare.

Paul Endre fekk 5 seriekampar og 15 A-kampar for Bryne. 

Jørgen Hatlehol
Jørgen kom til Bryne frå Aalesund i fjor sommar. Høgrevingbacken gjekk rett inn på laget, og i heimedebuten mot Grorud utlikna han like etter pause med eit presist skot i hjørnet. Han spela fast heile hausten og fekk med seg framgangen til laget. Han heldt plassen på laget i vårsesongen 2023 heilt fram til juni. Ein skade gjorde at heile haustsesongen blei spolert.

0S6A7313.jpg
Jørgen Hatlehol spiller ikke i Bryne nestes sesong. Foto: Svenn Olav Sele

Han fekk med seg 24 seriekampar og tilsaman 36 A-kampar for klubben.

Christian Røer
Christian var den første spelaren som vart henta til 2022-sesongen. Etter mange sesongar i Kongsvinger hadde Christian lyst på miljøskifte, og han gjekk rett inn på laget, først som sentral-, deretter som høgre- og tilslutt som venstre midtstoppar i trebackslinja. Han  scora mål mot Raufoss heime og KFUM borte, og starta kvar kamp heilt til han måtte stå over borte mot Fredrikstad etter sitt fjerde gule kort i kampen før.

0S6A7641.jpg
Christian Røer takker for seg i Bryne. Foto: Svenn Olav Sele

Dermed var han disponibel for Bryne 2, og det var avtalt at han skulle spela 1.omgang mot Hana. Rett før pause var sesongen for Christian slutt. Eit beinbrot, med sjukehusopphald  vart sesongavslutninga hans.

Utover i 2023 viste det seg  at det vart komplikasjonar med skaden, og etter nokre forsøk med lett opptrening utan framgang, var det klart at det ikkje vart fotball for Christian i 2023. Han fekk med seg 26 seriekampar og 36 A-kampar for Bryne den sesongen han var aktiv.

Annonse fra Obos-ligaen: