To heimekampar på rad

No skal det spelast to heimekampar på rad. Laurdag 13. mai kjem Mjøndalen på besøk 15:00 og tirsdag 16. mai skal me spele mot Jerv på Heimebane.

Kvar sesong blir terminlista ordna slik at alle lag får to heimekampar og to bortekampar etter kvarandre ein eller annan gong. Og Bryne har ofte sine to heimekampar på våren, slik som i år. Denne sesongen er det Mjøndalen og Jerv som får glede av å spela på den flotte grasmatta vår når det vårast på Jæren.                                               

Mjøndalen

På laurdag møter vi Mjøndalen, som er inne i sin andre sesong i OBOS-ligaen etter nedrykket i 2021. Laget stiller med ny trenar, Kevin Nicol, som fekk jobben då Vegard Hansen måtte gje seg etter 17 år i klubben. Nicol er skotte og har vore i norsk fotball sidan 2007. Først som spelar i ulike klubbar og  dei siste åra har han vore assistenttrenar i Mjøndalen.

Mjøndalen har skaffa seg 5 poeng på dei 6 første kampane, først seier borte mot Jerv, 3-2 og spelte sist 2-2 heime mot KFUM. Laget har ei god aldersblanding. Der dei to midtstopparane Quint Jansen (32) og Joackim Olsen Solberg (34) står for rutinen saman med kapteinen Martin Ovenstad på midtbanen. Solberg har vore med på alle dei 8 seriekampane mot Bryne dei siste 10 åra og nederlendaren Jansen er tilbake i klubben etter nokre sesongar i Aalesund og Sandefjord.

Spelaren vårt publikum kjenner best til er nok Meinhard Olsen som var i Bryne i 2021. Etter eit år som back under Vegard Hansen er han tilbake på kanten. Det er og fleire svært unge spelarar inne på laget. Sondre Granaas og Sander Bratvold er ennå tenåringar og verken sørlendingen Kristian Lien som er toppscorar med 4 mål eller Erik Stavås Skistad, med ei meir kjent søster, er særleg plaga av alderen. Keeper Thomas Kinn, som mange kjenner frå fleire sesongar i Vard og backen Adrian Aleksander Hansen, sonen til Vegard må og nemnast.

I fjor vann begge laga heimekampen sin med 2-1, der Robert Undheim scora våre to mål  i heimekampen, medan Oliver Rotihaug scora for oss i Mjøndalen. Så jamne kampar har ikkje vore det vanlege i kampen mellom laga. I 2016 vann begge laga heimekampane 3-0. På Bryne scora Oddbjørn Skartun alle tre måla, medan Sondre Norheim spela høgre back medan Pål Aamodt og Robert Undheim kom inn som innbytarar. Pål Aamodt sat og på benken i den fryktelege 0-5 kampen ein vindfull haustdag på heimebane i 2014, der Christian Gauseth var kampens gigant med 3 mål for Mjøndalen. Bryne har og vunne klart på bortebane, 3-0 i 2013, der Sabri Khattab scora mål og var kampens dominerande spelar. Dagens jubilant, Rogvi Baldvinsson, med 200 A-kampar for Bryne, spelte venstre back i den kampen.

Jerv

På 16.mai, fotballens «høgtidsdag», som mange nå seier, har vi for ein sjeldan gong fått heimekamp mot ein av våre næraste naboar i divisjonen. Laget frå Grimstad, har dei siste åra blitt ein fast treningskamp-motstandar for oss. I år møttest vi i Lyngdal 25.mars og spelte 1-1, eit rettferdig resultat der Eirik Saunes var vår målscorar.

Jerv har hatt ei utruleg «reise» i norsk fotball dei siste 10 åra. Så seint som hausten 2013, spelte Jerv 2-2 mot Bryne 2 på Aarbakkebanen i seriekamp i 3.divisjon. Jerv rykka opp både den sesongen og året etter, og møtte så A-laget vårt i OBOS-ligaen i 2015, vann begge kampane og havna på 5.plass på tabellen. Mens Bryne var 4 sesongar i Post-Nord, snusa Jerv stadig på opprykk til Eliteserien, og då Bryne var tilbake i OBOS-ligaen i 2021, klarte Jerv det ingen hadde trudd var mulig: Opprykk til Eliteserien i 2022.

No er laget tilbake i OBOS-ligaen, ei erfaring rikare. Trenar Arne Sandstø er inne i sin åttande sesong som trenar, og kunne nok tenkt seg ein betre sesongstart enn 6 poeng på dei 6 første kampane og 11.plass, med like mange poeng som Bryne. Laget har vunne ein kamp både borte  og heime. I 2021 vann Bryne heimekampen seint på hausten etter scoringar av Holtan og Karlsbakk, medan Jerv snudde 0-1 til 2-1 på overtid i sin heimekamp. Sondre Norheim (venstre back) og Robert Undheim (innbyttar) er dei einaste som er igjen frå Bryne-laget som tapte 1-0 på heimebane i 2016.

Dei mest kjente spelarane på Jerv er keeper Øystein Øvretveit, backen Torje Wichne, kapteinen Mathias Wichmann Andersen på midtbanen og rutinerte Erik Brenden med solid eliteserie-erfaring frå Sandefjord. Toppscorar Samuel Pedro med 4 mål hittil i år og unggutten Sondre Auklend på midtbanen, som nettopp er kome på utlån frå Viking har alt markert seg i år. Rutinerte Erik Sandberg, Iman Mafi og Thomas Ness er og gode spelarar på eit sterkt Jerv-lag.

Bryne

Kva så med Bryne? Poenglaus etter tap mot Kristiansund på Nordmøre er det nok fleire lag som vil oppleva i kampane framover. 1-1 til pause etter ein solid 1.omgang var bra, men vi lukkast ikkje å stoppa Benjamin Stokke då han fekk inn ein ny ung servitør midt i andre omgang. Det er stor spenning om laguttaket til kampen. Nå har vi mange som kjempar om dei same plassane, og stadig fleire melder seg på scoringslista.

Med to heimekampar på rad er det berre grastrening som gjeld denne veka. Vinn vi mot Mjøndalen, vil det nok garantert komme mykje folk 16.mai. Og B-gjengen i «full fyr» skal oppildne laget slik at Bryne Stadion blir ein bane der det er vanskeleg for motstandarane å reisa heim frå med poeng.

Annonse fra Obos-ligaen: