
Tonette har tatt med flyttelasset til Bryne
Tonette Urdal Sivertsen kom til Bryne i vinter frå EIK, men no har ho også flytta til Bryne for å gå på idrettslinja på Bryne VGS.
Korleis har oppstarten på Bryne VGS vore?
– Det har gått veldig fint, men det var ei stor forandring å flytte og starte på ny skule på ein gong.
Flyttinga har medført både mykje kortare reisetid til trening og fleire nye oppgåver.
– Det er litt gøy å vere sjølvstendig. Men det er ein del ting som klesvask og oppvask som ikkje er like kjekt, men det kjem seg.
Kva er mest stress i fotballkvardagen?
– Å lage middag sjølv mellom skule og trening. Eg er ikkje så flink enno til å lage mat.
Det er ikkje utan grunn at Tonette har vald å flytte. Ho trivst nemleg godt i Bryne.
– Det beste med Bryne er samhaldet i laget og at ein føler at ein blir sett. Trenerteamet er også veldig bra.
Lagvenninne Synne Thunheim Hove har berre positive ting å seie om Tonette.
– Tonette er veldig hardtarbeidande. Ho har tilført gruppa mykje både på og av banen, trass ung alder. Når eg skal beskrive Tonette, tenkjer eg også på kor omgjengeleg ho er fordi ho går godt overeins med alle på laget. Me er veldig glade for å ha Tonette på laget.

Tonette har også tatt med seg sin særeigne stil til Bryne, og er ofte å sjå i rosa crocs og svarte solbriller.
Kva sko/klesplagg er du mest glad i?
– Nike sko og sjølvsagt crocsa og solbrillene mine.
Er det noko vêr det ikkje går an å bruke «shades» i?
– Nei! Det går alltid an å bruke solbriller.
Me gler oss til å sjå meir av Tonette i Bryne, både med fotballsko og crocs.