Vi mimrer litt

Det passer godt å mimre litt i disse dager og ikke minst minne dere på at vi har ei praktbok for salg "Opp og ned gjennom 90 år - historien om Bryne FK". Skrevet av Kjell Olav Stangeland og Reidar B. Thu.

Her er en historie fra Kjell Olav Stangeland, som gir stafettpinnen videre til Einar Braut, og en historie fra hans tid i Bryne FK :=)

"- Eg debuterte som oppmann i serien med serieopning mot Viking  på Bryne stadion i 1979. Det var ingen optimistisk stemning før serieopninga etter tap i dei tre siste  treningskampane mot Vard (1-3), Lillestrøm (0-3) og Brann (2-6).

Trenar Kjell Schou-Andreassen gjorde derfor ein vri og bestemte at bare dei 11 som skulle starta mot Viking skulle delta på sjølve taktikkmøtet dagen før kampen.  Før taktikkmøtet var det som vanleg  servering av pølser. Eg tok det som sjølvsagt at Schouen hadde informert Birk Engstrøm, som for første gong ikkje var i startellevaren, at han ikkje skulle vera med på taktikkmøtet,  og fekk nærmast sjokk då eg forstod at det ikkje var gjort. Kjell Schou-Andreassen kunngjorde medan Birk var halvegs i pølsa at han og ein spelar til, Magne Svendsen, måtte forlata «Salongen» i klubbhuset.

Det vart musestille i salongen i klubbhuset då Birk reiste seg og gjekk. Eg er overtydd om at ikkje ein av dei 11 spelarane som satt igjen greidde å konsentrera seg om taktikktavla, men tenkte med seg at det var det siste me såg av strategen som hadde vore den soleklare kapteinen på laget, med eller utan kapteinsbind.

Birk stilte opp til kampen som om ingenting hadde skjedd. Viking dominerte som frykta  i 1. omgang, og me var glade til at det bare stod 0-1 ved pause. I garderoben fekk spelarane ei skjennepreik så kraftig at dei vart meir redde trenaren enn motstandaren, og gjekk ut og snudde kampen. Sju minuttar før slutt scora Arne Larsen Økland Bryne opp i  2-1. Blant dei som var med på snuoperasjonen var nettopp Birk Engstrøm som vart bytta inn i pausen.

At han ikkje hadde vore med på taktikkmøtet, var medverkande til at Viking kom tilbake i sluttminuttane og vann 3-2 på to dødballsituasjonar der markeringa svikta. Etter kampen besøkte ein nedtrykt Reidar B. Thu garderoben og gav uttrykk for det me alle følte med fylgjande ord: «Frå himmelen til helvete på fem minutt, dæ´ æ´ ei belastning!»

Bryneboka kan kjøpes på brynebutikken.no eller hos Norli på M44!

 

Annonse fra Obos-ligaen: