Viktig heimekamp mot Rosenborg

Kom på kamp på laurdag ettermiddag for å sjå Bryne kjempa for å spela i Eliteserien også i 2026.

Foto: Ole Martin Wold, NTB

Med 6 kampar igjen å spela i årets Eliteserie, kjem Rosenborg til Jæren, 22 år etter laget var her sist for å spela seriekamp. 26.oktober 2003 vann trønderane 4-2 over Bryne på Stadion, i det som då var Bryne sin siste heimekamp i Eliteserien i lagets andre periode i øvste divisjon.

Kjøp billett til kampen her

Klubben
På den tida var Rosenborg landets ubestridt beste fotballag, med 13 seriemesterskap på rad mellom 1992 og 2004, og fast inventar i Champions League. Med tilsaman 26 seriemesterskap og 12 cupgull på Ullevål, er klubben suverent mestvinnande i norsk fotball gjennom alle tider. 13 seriemesterskap på rad seier alt om kor suveren klubben var på 90-talet. Klubbens største profil, Nils Arne Eggen, var trenar i klubben tilsaman 26 år i 6 periodar mellom 1971 og 2010, der den lengste samanhengande perioden var ti sesongar mellom 1988 og 1997.

Men nå er det sju år sidan Rosenborg vann noko i norsk fotball, og denne sesongen ser det ikkje ein gong ut som om laget skal klara å kvalifisera seg til spel i Europa neste sesong.  Lagets svenske trenar Alfred Johansson er i «hardt ver» i trønderhovedstaden, og nå har i tillegg klubbens sportslige leiar Micke Dorsin nettopp trekt seg frå stillinga si.

Vi vil ha nye jubelscener på Bryne stadion på lørdag. <em>Foto: Svenn Olav Sele</em>
Vi vil ha nye jubelscener på Bryne stadion på lørdag. Foto: Svenn Olav Sele

Laget
Lagets keeper er unge Sander Tangvik, som har stått fast dei to siste sesongane etter å ha gått gradene i klubben. På høgreback finn vi kapteinen Erlend Dahl Reitan som har vore i A-stallen sidan 2013, med unntak av eit opphald i Bodø/Glimt i 2017. På venstreback plassen er det sterk konkurranse mellom stavangergutten Adrian Pereira som kom i 2021 frå Viking og Ulrik Yttergård Jensen som kom frå Tromsø i 2022. Slovaken Tomas Nemcik og lokale Håkon Volden er midtstopparar i 4-3-3 systemet, og begge kom i 2024. Danske Jonas Mortensen som kom frå Esbjerg i sommar er ein sterk utfordrar til plass i back-fireren.

På midtbanen har finnen Santeri Vaananen som kom frå HJK Helsinki i 2022 fast plass saman med Iver Fossum som kom til klubben i år, etter ti år utanlands i Tyskland, Danmark og Belgia. Når Ole Selnæs er skadefri er han og sjølskriven på laget. Med 33 landskampar og spel i St.Etienne i Frankrike, kinesisk toppfotball og Zurich i Sveits, etter han starta karrieren i Rosenborg, har han stor erfaring. Hedmarkingen Simen Bolkan Nordli og slovaken David Duris kjemper om ein plass på høgrekanten. Venstrekant Emil Konradsen Ceide er kanskje lagets viktigste spelar med sine raid på venstrekampen. Han var tre sesongar i Sassuolo i Italia, og kom tilbake til RBK ifjor. På topp har lagets svenske toppscorar Dino Islamovic funne formen etter kvart og står med 11 mål i Eliteserien så langt. Ole Sæter er største utfordrar om spissplassen, men har slitt benken for det meste i år.

Kort historikk og spelarar som har spela for begge klubbane
I det siste 4-års-opphaldet Bryne hadde i Eliteserien var det fleire jamne kampar på Bryne Stadion. I 2000 enda det 3-3 der Eivind Karlsbakk scora to flotte mål for Bryne, medan Rosenborg scora alle sine tre mål på straffespark, og trenar Eggen meinte at dei burde hatt to til og. Året etter vann RBK 2-1, medan Bryne vann 2-1 i 2002, der Peter Olofsson scora eit tidlig straffemål for Bryne og Dejan Pavlovic scora seiersmålet.

Det mest omtalte kampen mellom Bryne og Rosenborg er nok semifinalen på Lerkendal i 1987, der Rosenborg var totalt overlegne i 1.omgang og leda 2-0 til pause. Men Bryne  bytta ut Arne Larsen Økland i pausen og  sette inn Roar Pedersen. Det var som eit nytt Brynelag kom på banen i 2.omgang. Jan Madsen reduserte etter eitt minutt, og ikkje lenge etter utlikna Børre Meinseth, før Jan Madsen scora seiersmålet mot slutten av kampen.

Spelarar som har spela A-kampar for Bryne og Rosenborg: Hugo Hansen, Jon Inge Høiland, Lasse Strand, Dag Frode Hornseth, Jarle Steinsland og Stefan Strandberg.

Kjøp billett til kampen her

Annonse fra Eliteserien: