Årsmøtet for 2018 er gjennomført

Klubbens årsmøte samla omlag 45 medlemmer, og gjekk roleg for seg.

Klubben kunne presentera eit overskot på kr 1 758 103 etter finans, og fekk gjennomslag for eit budsett for 2019 med overskot på kr 555 500.

Staale Grude Haaland blei vald til ordstyrar, og saman med styreleiar Nils Steinsland geleida dei årsmøtet trygt i hamn i løpet av to og ein halv time.

Styret la fram nokre saker knytta til vidare anleggsutvikling, som fekk årsmøtet si velsigning.

Vidare blei kontingentsatsar fastsatt etter litt debatt. Det blir ei auke i kontingent blant anna grunna bortfall av ein dugnad. Det innføres og ein ny kontingentsats på kr 200 for aktive verv som trenarar, lagleiarar og styreverv i håp om at endå fleire vil betala kontingent og såleis verta registrerte som teljande medlemmar. Tidlegare har desse måtta løyse støttemedlemskap for å verta registrerte. Det finnes meir informasjon om kontingt her.

Følgjande blei valde til nytt styre i klubben:

LeiarNils Steinsland1 årIkkje på val
NestleiarEli Ulveseter2 årGjenval
MedlemHans Olav Frette1 årGjenval
MedlemTrude Gustavsen2 årGjenval
MedlemIngrid Omland2 årNy
MedlemLeif Ingvar Undheim1 årIkkje på val
VaraLeif-Tore Mellemstrand2 årGjenval
VaraBjørn Reiten1 årIkkje på val

Vara Bjørn Reiten har levert eit ynskje om å få tre ut av styret, og årsmøtet bestemte at han ikkje vil bli erstatta det komande året.

Følgjande fekk merksemd for aktive år i klubben:

10 år
Aleksander Midtsian
Nils Steinsland

20 år
Terje Nesse

25 år
Kurth Gausland

30 år
Geir Magnus Sandve

Annonse fra Obos-ligaen: